Al-Qusayr i Syria

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Al-Qusayr
القصير
by
Land  Syria
Guvernement Homs
Distrikt Al-Qusayr
Nahiyah Al-Qusayr
Høgd 540 moh.
Koordinatar 34°30′43″N 36°34′35″E / 34.51194°N 36.57639°E / 34.51194; 36.57639
Folketal 29 818  (2013)
Tidssone EET (UTC+2)
Kart
Al-Qusayr i Syria
34°30′32″N 36°34′47″E / 34.508888888889°N 36.579722222222°E / 34.508888888889; 36.579722222222

Al-Qusayr (arabisk القصير) er ein by vest i Syria i Homs guvernement. Han ligg kring 35 km sør for Homs i fjellområdet nær grensa til Libanon som ligg 15 kilometer mot sørvest. Av stader i nærleiken finn ein Rablah og Zira'a i sør, Jandar further i aust, al-Dabaah i nordaust, Arjoun i nordvest og Aqrabiyah i vest. Al-Qusayr ligg 540 meter over havet.

Byen har ein muslimsk majoritet med ein større kristen minoritet og ei samla folketal på 29 818 i 2004 i følgje ei syrisk folketeljing. I tillegg til å vere senteret i al-Qusayr-distriktet, er han òg det administrative senteret i al-Qusayr nahiyah («underdistrikt») som består av 60 stader med eit samla folketal på 107 470 i 2004.[1]

Historie[endre | endre wikiteksten]

Al-Qusayr er den næraste moderne byen til den gamle byen Qadesh (i dag ruinar kalla Tell Nebi Mend) kalla opp etter den gamle guddomen Qetesh. Den gamle byen låg på ein åstopp, omgjeve av bymurar nord og over sletta aust for elva der historikarar har plassert det største kjende stridsvognslaget i antikken, slaget ved Qadesh i mai 1274 fvt. mellom styrkane til Rameses II av Egypt og Muwatalli II som regjerte over hettittane.

Den arabiske geografen Yaqut al-Hamawi vitja byen tidleg på 1200-talet, under Ajjubide-dynastiet og skreiv at al-Qusayr låg nord for Damaskus, var omgjeve av hagar og hadde ein stor khan (karavansarai.)[2]

Under Muhammed Ali-dynastiet i Egypt erobra Levanten i 1832, og Ibrahim Pasha, som leia felttoget, oppheldt seg ved al-Qusayr. Etter at hæren trekte seg attende, vart fleire egyptiske familiar att i byen på grunn av klimaet og det rike jordbruket. Oliven, eple, aprikos, kveite, bygg og poteter vart dyrka i området.[3]

Den syriske borgarkrigen[endre | endre wikiteksten]

Somme av innbyggjarane i al-Qusayr deltok i den syriske borgarkrigen mot styret til Bashar al-Assad. Byen vart reisemålet til fleire avhopparar frå den syriske hæren. Mellom starten av opprøret i april 2011 og 13. februar 2012, vart minst 70 innbyggjarar drepne.[4] Sidan november 2011 vart al-Qusayr kringsett av hæren.[5]

Den 20. april 2012 detonerte Abdel Ghani Jawhar, ein sprengstoffekspert og kommandant for Fatah al-Islam-gruppa, seg sjølv i al-Qusayr ved eit uhell, medan han førebudde sprengstoff. Han var ettersøkt i Libanon for 200 tilfelle av mord, attentat, mordforsøk og åtak med sprengstoff.[6]

Den 4. april 2013 sette den syriske hæren i gang ein offensiv mot al-Qusayr for å ta alle landsbyane kring opprørarane, slik at sjølve byen etter kvart ville overgje seg. Qusayr-området vert rekna som strategisk viktig fordi han ligg halvvegs mellom hovudstaden og Middelhavet og nær grensa til Libanon. Den 19. mai 2013 klarte hæren å kome inn i al-Qusayr. I juni 2013 hadde hæren kontroll over halvparten av byen, mellom anna den militære flybasen. Den 5. juni 2013 hadde den syriske hæren full kontroll over al-Qusayr.[7][8]

Demografi[endre | endre wikiteksten]

I 1970 hadde al-Qusayr eit folketal på 9 240.[9] I følgje Statistisk sentralbyrå i Syria var folketalet i 2004 29 818.[1] BBC estimerte at folketalet var kring 40 000 i 2011–12.[10] I 2004 var det 5 304 hushaldningar i byen.[1]

I 2012 hadde al-Qusayr ein blanda folkesetnad av sunnimuslimar og katolikkar.[11] I dag følgjer dei fleste sunniislam. Det var òg nokre få hundre alawittar i byen før opprørarane tok over.[12]

Stader i nahiyahen[endre | endre wikiteksten]

Dei følgjande landsbyen og byen al-Qusayr dannar al-Qusayr nahiyah («underdistrikt»).

  • al-Fadhliyah 798 / (arabisk الفاضلية)
  • al-Burhaniyah (al-Radwaniyah) 744 / (arabisk البرهانية_الرضوانية)
  • al-Saloumiyah 725 / (arabisk السلومية)
  • al-Shoumariyah 713 / (arabisk الشومرية)
  • Diyabiyah 698 / (arabisk ديابية)
  • Ras al-Ain (Hasabiyah) 690 / (arabisk رأس العين_حسابية)
  • Saqirjah (Ain al-Tannour) 674 / (arabisk سقرجة_عين التنور)
  • al-Sakher (Hit) 656 / (arabisk الصخر_هيت)
  • Abou Jouri 652 / (arabisk أبو جوري)
  • al-Masriyah 618 / (arabisk المصرية)
  • Hawsh al-Said Ali 541 / (arabisk حوش السيد علي)
  • al-Nahriyah 529 / (arabisk النهرية)
  • al-Hammam 526 / (arabisk الحمام)
  • al-sjiahat 520 / (arabisk الشياحات)
  • Ain al-Safa (Akoum) 506 / (arabisk عين الصفا_أكوم)
  • Kammam 474 / (arabisk كمام)
  • al-Hamra 431 / (arabisk الحمراء)
  • Wadi al-Hourani 379 / (arabisk وادي الحوراني)
  • al-Muh 377 / (arabisk الموح)
  • Umm Haratain Atiq 345 / (arabisk أم حارتين عتيق)
  • al-Aatafiyah 317 / (arabisk العاطفية)
  • al-Khaldiyah 270 / (arabisk الخالدية)
  • al-Masitbah 258 / (arabisk المصيطبة)
  • al-Buwait 181 / (arabisk البويت)
  • Dahiraj 156 / (arabisk دحيرج)
  • Wadi Hanna 138 / (arabisk وادي حنا)
  • al-Andalus 106 / (arabisk الأندلس)
  • Koukran (al-Sadiat) 102 / (arabisk كوكران_السعديات)
  • al-Hamidiyah 64 / (arabisk الحامدية)
  • al-Haidariyah 56 / (arabisk الحيدرية)

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 1,2 Folketeljing 2004 Arkivert 2019-12-15 ved Wayback Machine.. Syrisk statistisk sentralbyrå (CBS). Homs guvernement. (arabisk)
  2. le Strange, 1890, s.489.
  3. Yusef, Danny. The City of al-Qusayr - Daughter of the Orontes. E-Homs. E-Syria. 2008-12-27.
  4. Carrasco, Mayte. Death a daily event in al-Qusayr south of Homs. Monsters and Critics: Middle East News. 2012-02-13.
  5. Suriye Cephesi – Resimlerle, El Kuseyr. The Guardian. 01.02.2012. 20 Eylül 2012 tarihinde erişilmiştir.
  6. I Syria, Libanon’s Most Wanted Sunni Terrorist Blows Himself Up. TIME. 2012-04-23.
  7. «Syria: Assad forces take control of Qusayr in major breakthrough». The Daily Telegraph. 26. mai 2014. Henta 26. mai 2014. 
  8. «The Syrian Civil War: Bashar al-Assad's forces take strategic town of Qusayr». ABC. 26. mai 2014. Henta 26. mai 2014. 
  9. United States. Office of International Health. Division of Planning and Evaluation, 1977, s. 131.
  10. Wood, Paul. Syria's slide towards civil war. BBC News. 2012-02-12. Henta 26. mai 2014.
  11. Smith, 1841, s. 176.
  12. Syrian town struggles under siege, awaits attack Arkivert 2013-02-14 ved Wayback Machine.. Reuters. 2012-03-03.