Al-Safa i Syria

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Koordinatar: 33°2′10″N 37°11′53″E
Al-Safa
fjellkjede
Es Safa Volcanic Field, Syria.JPG
Es Safa vulkanfelt
Land Flag of Syria.svg Syria
Koordinatar 33°2′10″N 37°11′53″E
Syria location map3.svg
Locator Red.svg

As-Safa (arabisk الصفا, Aş-Şafā), òg kalla Tulul al-Safa (arabisk تلول الصفا, Tulūl Eṣ-Ṣafā), arabisk for Al-Safa-åsane, er eit fjellendt område som ligg sør i Syria, nordaust for vulkanplatået Jabal Al-Arab. Det består av eit basaltisk lavafelt, som dekkjer eit område på 220 kvadratkilometer medm minst 38 sinderkjegler. Dette vulkanfeltet ligg innanfor den nordlege delen av det massive alkaline vulkanfeltet Harrat Ash Shamah som strekkjer seg frå sørlege Syria, gjennom austlege Jordan til Saudi-Arabia. Regionen er ekstremt tørt. Ein kokande lavasjø vart osbervert i Es Safa midt på 1800-talet.

Regionen vart ofte nytta av drusarar gjennom historia som gøymestad i krigstider. Heile regionen ligg i dag innanfor As-Suwayda guvernement. Berre vandrande beduinar vitjar stundom området, i tillegg til somme arkeologar. Safaitiske inskripsjonar vart først oppdaga i området i 1857 og vart namngjevne etter regionen.

Vulkanar i Es Safa[endre | endre wikiteksten]

  • Tell el Aqzass (Tell el Aqzass) 889 m.
  • Tell ed Ders (Tell ed Ders) 878 m.
  • Jabal Rghēli (Jabal Rgheli) 874 m.
  • Tell Darayir Šimāli (Tell Darayer Shimali) 844 m.
  • Tell Um Ħwār (Tell Um Hwar) 818 m.
  • Tell Um el Janbrīs (Tell Um el Janbris) 808 m.
  • Tell Darayir Qebli (Tell Darayir Qebli) 803 m.
  • Tell ‘Ali (Tell Ali) 770 m.
  • Tell al Khēl (Tell el Kheil) 765 m.
  • Tell Eş Şafa (Tell Es Safa) 739m.
  • Tell Ţarrān (Tell Tarran) 731 m.
  • Jabal Sīs (Jabal Sees) 692 m.
  • Tell Zqēţa (Tell Zqeita) 670 m.
  • Jabal el Jarīn (Jabal el Jareen) 657 m.
  • Jabal Abū Ghanem (Jabal Abu Ghanem) 632 m.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]