Tirat Carmel

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Al-Tira)
Tirat Carmel
טִירַת כַּרְמֶל
by
Våpenskjold
Land  Israel
Distrikt Haifa distrikt
Koordinatar 32°46′N 34°58′E / 32.767°N 34.967°E / 32.767; 34.967
Areal 5,6 km²
Folketal 18 700  (2007)
Kart
Tirat Carmel
32°46′00″N 34°58′00″E / 32.766666666667°N 34.966666666667°E / 32.766666666667; 34.966666666667
Wikimedia Commons: Tirat Carmel

Tirat Carmel, tidlegare Ṭīrat el Lōz, (hebraisk skrift טִירַת כַּרְמֶל, arabisk طيرة اللوز), Tirat HaCarmel eller Al-Tira, er ein by i Haifa distrikt i Israel. I følgje Israelsk statistisk sentralbyrå (CBS) mot slutten av 2007 hadde byen eit folketal på 18 700.[1]

Den moderne byen vart grunnlagd på staden til den arabiske landsbyen al-Tira.

Tirat Carmel fekk offisielt bystatus i 1992.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Gate i Tirat Carmel

Tirat Carmel er bygd på ruinane av byen al-Tira. Krossfarane kalla han St Yohan de Tire.[2] Han vart styrt av osmanarane seint i mellomalderen og renessansen og var eit jordbruksområde med kveite, geiter og anna gardsdrift.[3] Byen var kjend for produksjon av oliven og mandlar.

I 1949 vart det oppretta to innslusingssenter for jødiske immigrantar på same stad, som i 1954 vart omorganisert som ein del av kommunen Tirat Carmel.[treng kjelde]

Demografi[endre | endre wikiteksten]

I følgje CBS var den etniske samansetnaden i byen i 2001 99,6 % jødar og andre ikkje-arabarar, utan ein større arabisk folkesetnad.

Venskapsbyar[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

  1. «Table 3 - Population of Localities Numbering Above 1 000 Residents and Other Rural Population» (PDF). Israelsk statistisk sentralbyrå. 30. juni 2008. Henta 30. mars 2015. 
  2. Khalidi (1992), p. 195
  3. Khalidi, 1992, p.196.