Al-Ubeidiya
Al-Ubeidiya | |||
لعبيديّه, al-Obaidya, Deir Dosi[1] | |||
kommune | |||
Land | ![]() | ||
---|---|---|---|
Guvernement | Betlehem guvernement | ||
Koordinatar | |||
Areal | 97,2 km² | ||
Folketal | 10 753 (2007) | ||
Folketettleik | 111 / km² | ||
![]() Al-Ubeidiya | |||
Wikimedia Commons: Al-Ubeidiya | |||
Al-Ubeidiya (arabisk لعبيديّه) er ein palestinsk by 6 km aust for Betlehem. Byen er ein del av Betlehem guvernement sentralt på Vestbreidda. I følgje Palestinsk statistisk sentralbyrå (PCBS), hadde al-Ubeidiya eit folketal på over 10 753 i 2007.[2]
Historie[endre | endre wikiteksten]
Al-Ubeidiya er kalla opp etter St. Theodosius («Ibn Ubeid» på arabisk), som bygde og vart gravlagd i eit kloster 1 km vest for byen, kjend som St. Theodosius-klosteret. Det vart opphavleg bygd på 400-talet, og Theodosius vart gravlagd der i 520. Det noverande bygget vart reist av krossfararar på 1100-talet. Mar Saba-klosteret, som vart bygd av St. Sabbas i 484, ligg lenger aust, men innafor kommunegrensa. Det ligg òg eit romersk basseng i sentrum av al-Ubeidiya som vart nytta av romarane i Palestina for å samle vatn.[3]
Osmansk tid[endre | endre wikiteksten]
Området vart, som resten av Palestina, ein del av Det osmanske riket i 1517. I 1596 stod Al-Ubeidiya oppført i osmanske skattelister, kalla Dayr Bani 'Ubayd, som ein del av Al-Quds nahiya i Al-Quds liwa. Han hadde eit folketal på 42 hushaldningar og 6 ungkarar, alle muslimar. Dei betalte skattar for kveite, bygg, tilfeldige inntekter, geiter og/eller bikubar.[4]
I 1863 vitja den franske oppdagaren Victor Guérin staden, som han kalla Deir Dosi, og skildra ruinane av klosteret.[1] I 1883 skildra Palestine Exploration Fund landsbyen i Survey of Western Palestine som Kh. Deir Ibn Obeid og «ruinar av ein moderne landsby».[5]
Det britiske mandatet[endre | endre wikiteksten]
I folketeljinga i 1922, utført av Dei britiske mandatstyresmaktene, hadde Ibaidiyeh ein muslimsk folkesetnad på 2 000, 880 menn og 1 120 kvinner.[6] I folketeljinga i 1931 hadde El Ubeidiya 1 187 innbyggjarar, framleis alle muslimar, 610 menn og 577 kvinner.[7]
Etter 1948[endre | endre wikiteksten]
Etter den den arabisk-israelske krigen i 1948, og etter våpenkvileavtalen i 1949, var Al-Ubeidiya under jordansk styre.
Sidan 1997 har al-Ubeidiya vore styrt av Dei palestinske sjølvstyresmaktene (PNA).
Kjelder[endre | endre wikiteksten]
- ↑ 1,0 1,1 Guérin, 1869 s. 88 -92
- ↑ 2007 PCBS Census Palestinsk statistisk sentralbyrå. s.118.
- ↑ Al ‘Ubeidiya Town Profile. Applied Research Institute–Jerusalem. 2010.
- ↑ Hütteroth and Abdulfattah, 1977, s. 114.
- ↑ Conder og Kitchener, 1883, s. 111
- ↑ Barron, 1923, Table VII, Subdistrict of Betlehem, s. 18
- ↑ Mills, 1932, s. 36
- Denne artikkelen bygger på «Al-Ubeidiya» frå Wikipedia på engelsk, den 1. oktober 2015.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- Barron, J. B., red. (1923). Palestine: Report and General Abstracts of the Census of 1922. Government of Palestine.
- Conder, Claude Reignier; Kitchener, H. H. (1883). The Survey of Western Palestine: Memoirs of the Topography, Orography, Hydrography, and Archeology 3. London: Committee of the Palestine Exploration Fund.
- Dauphin, Claudine (1998). La Palestine byzantine, Peuplement et Populations. BAR International Series 726 (på fransk). III : Catalogue. Oxford: Archeopress.
- Guérin, Victor (1869). Description Géographique Historique et Archéologique de la Palestine (på fransk). 1: Judee, pt. 3. Paris: L'Imprimerie Nationale.
- Hadawi, Sami (1970). Village Statistics of 1945: A Classification of Land and Area ownership in Palestine. Palestinsk frigjeringsorganisasjon forskingssentral.
- Hütteroth, Wolf-Dieter; Abdulfattah, Kamal (1977). Historical Geography of Palestine, Transjordan and South Syria in the Late 16th Century. Erlanger Geographische Arbeiten, Sonderband 5. Erlangen, Tyskland: Vorstand der Fränkischen Geographischen Gesellschaft. ISBN 3-920405-41-2.
- Mills, E., red. (1932). Census of Palestine 1931. Population of Villages, Towns and Administrative Areas (PDF). Jerusalem: Government of Palestine.
- Palmer, E. H. (1881). The Survey of Western Palestine: Arabic and English Name Lists Collected During the Survey by Lieutenants Conder og Kitchener, R. E. Transliterated and Explained by E.H. Palmer. Committee of the Palestine Exploration Fund.