Al-Walaja

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Koordinatar: 31°43′52.47″N 35°09′49.00″E
al-Walaja
الولجة, al-Walaje
kommune
Al-Walaja.jpg
Land Flag of Palestine.svg Dei palestinske territoria
Guvernement Betlehem guvernement
Koordinatar 31°43′52.47″N 35°09′49.00″E
Areal 17,7 km²
Folketal 2 041 (2007)
Folketettleik 115 / km²
Grunnlagd 1949
Israel location map.svg
Locator Red.svg
Wikimedia Commons: Al-Walaja

al-Walaja eller Al Walaja (arabisk الولجة) er ein palestinsk landsby på Vestbreidda, fire kilometer nordvest for Betlehem. Han er ein enklave i Separasjonssonen, nær den grøne linja. al-Walaja er i dag i Betlehem guvernement og delvis i Jerusalem kommune. I følgje Palestinsk statistisk sentralbyrå hadde landsbyen eit folketal på 2 041, hovudsakleg muslimske innbyggjarar i 2007.[1]

al-Walaja vart avfolka under den arabisk-israelske krigen i 1948, i oktober 1948. Han tapte kring 70 % av landområdet sitt, vest for den grøne linja.

Historie[endre | endre wikiteksten]

I 1596 stod al-Walaja oppført i osmanske skattelister som ein del av Quds nahiya i Quds liwa. Han hadde eit folketal på 100 muslimske hushaldningar og ni ungkarar og betalte skatt for kveite, bygg, sommaravlingar, vindruer or frukttre, and geiter eller bikubar.[2]

Seint på 1800-talet vart al-Walaja skildra som ein «ganske stor» landsby bygd av stein.[3]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 2007 PCBS Census Palestinsk statistisk sentralbyrå. s.116
  2. Wolf-Dieter Hütteroth and Kamal Abdulfattah (1977). Historical Geography of Palestine, Transjordan and South Syria in the Late 16th Century. Erlanger Geographische Arbeiten, Sonderband 5. Erlangen, Tyskland: Vorstand der Fränkischen Geographischen Gesellschaft. s. 116. 
  3. Conder og Kitchener, 1881, III:22. Sitert i Khalidi, 1992, s.322

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]