Al Atkins

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Allan John «Al» Atkins
Fødd14. oktober 1947 (76 år)
FødestadStone Cro i West Bromwich i England
OpphavEngland, Storbritannia
Aktiv1964 til i dag
SjangerHeavy metal, bluesrock, hardrock
InstrumentSong
Tilknytte artistarJudas Priest, Stevie Young
Verka somMusikar

Allan John «Al» Atkins (fødd 14. oktober 1947) er ein engelsk heavy metal-vokalist, mest kjend for perioden i Judas Priest.

Biografi[endre | endre wikiteksten]

Atkins byrja den musikalske karrieren i 1964 og song i fleire bluesrockband før han skipa sitt eige band i september 1969, kalla Judas Priest (kalla opp etter Bob Dylan-songen «The Ballad of Frankie Lee and Judas Priest»). Dette bandet varte fram til april 1970, då det vart oppløyst på grunn av musikalske usemjer.

På denne tida dukka band som Led Zeppelin og Black Sabbath opp og Atkins var interessert i å gå i same retninga. I lag med K.K. Downing, Ian Hill og John Ellis, som spelte i bandet Freight, danna han eit nytt band. Atkins likte ikkje namnet Freight, og føreslo Judas Priest. Atkins hadde kone og barn og bandet gjorde det på den tida dårleg og hadde ingen platekontrakt i sikte. Atkins vart dermed nøydd til å få seg ein fast jobb utanfor musikken i mai 1973.[1] Han vart erstatta av Rob Halford, som song mange av songane opphavleg skrivne av Atkins. Albumet Rocka Rolla gjev eit bilete av den originale visjonen til Atkins for bandet. Atkins danna sidan eit anna band, og gjekk solo då dette vart oppløyst. Han gav ut fire album i 1990-åra og til slutt eit i 2007 som soloartist.

Diskografi[endre | endre wikiteksten]

Solo[endre | endre wikiteksten]

  • Judgement Day (1990)
  • Dreams of Avalon (1991)
  • Heavy Thoughts (1994)
  • Victim of Changes (1998)
  • Demon Deceiver (2007)
  • Demon Deceiver... Plus (Re-release with two bonus tracks, 2009)

Holy Rage[endre | endre wikiteksten]

  • Holy Rage (2010)

Atkins / May Project[endre | endre wikiteksten]

  • Serpents Kiss (2011)
  • Valley Of Shadows (2012)
  • Empire Of Destruction (2014)
  • «Anthology»

Som gjesteartist[endre | endre wikiteksten]

Lyraka

  • Lyraka Volume 2 (ikkje gjeve ut)

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]