Al Awabi

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Al Awabi
distrikt
Land Flag of Oman.svg Oman
Folketal 11 100 (2006)

Al Awabi er eit av 62 distrikt (wilayat) i Oman. Det ligg i Al Batinah-regionen, nord for Oman. Etter folketeljinga i 2003 har Al Awabi 10 469 innbyggjarar. Dette vart estimert til 11 110 i 2006.

Al Awabi ligg kring 150 km frå hovudstaden Muscat, 16 km frå Rustaq og 36 km frå Nakhal.

Al Awabi er ein roleg by som er omgjeven av høge fjell. Ein kan sjå uvanlege steinformasjonar i kløfta Wadi Bani Kharus i Al Hajar-fjella. Wadi Bani Kharus er 26 km lang, og ligg djupt i fjella, og endar opp ved Jebel Akhdar, det høgaste fjellet i Oman.

Wadi Bani Kharus er kjend for den rike kulturen og historia. Landsbyane, omgjeve av fjell, er kjend for den flotte naturen.

I Al Awabi vert det dyrka dadlar, mango, appelsin, lime, granateple, banan, guava og fiken.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]