Al Batinah

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Koordinatar: 24°N 57°E
Al Batinah
region
Land Flag of Oman.svg Oman
Koordinatar 24°N 57°E
Hovudstad Sohar
Areal 12 500 km²
Folketal 772 590 (2010)
Folketettleik 62 / km²
Oman Al Batinah.png

Al Batinah (arabisk الباطنة, Bāţinah) var ein av regionane (mintaqah) i Oman. Den 28. oktober 2011 vart regionen delt inn i Al Batinah Nord guvernement og Al Batinah Sør guvernement.[1][2][3]

Al Batinah-regionen, elles berre kalla Al Batinah, dekkjer det kysten av Omanbukta. Det låg mellom Khatmat Malahah i nord og Ras al-Hamra i sør og grensa til Al Hajar-fjella i vest og Omanbukta i aust. Dei fleste innbyggjarane i Oman bur i denne regionen på grunn av dei grøne slettene mellom fjella og havet.

Den tidlegare regionen hadde det største talet provinsar i Oman, tolv i alt: Sohar, Ar Rustaq, Shinas, Liwa, Saham, Al Khaburah, Suwayq, Nakhal, Wadi Al Maawil, Al Awabi, Al Musanaah, Barka. Suwayq vert rekna som den største provinsen i Batinah-regionen.

Sohar var regionshovudstad.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]