Al Diwaniyah

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Al Diwaniyah
الديوانية
by
فلكة الساعة في الديوانية ليلاً.jpg
Al-Diwaniyah på kveldstid
Land Flag of Iraq.svg Irak
Guvernement Al-Qādisiyyah
Folketal 650 927 (2012)

Al Diwaniyah
31°59′21″ N 44°55′29″ E
Wikimedia Commons: Al Diwaniyah

Al Diwaniyah (arabisk الديوانية); òg skrive Diwaniya) er hovudstaden i Al-Qādisiyyah guvernement i Irak. I 2012 var folketalet i byen estimert til å vere 650 000 innbyggjarar.

Området kring Al Diwaniyah er eit av dei mest frodige områda i Irak, og kraftig oppdyrka. Vatnet til jordbruket kjem frå den nærliggande elva Eufrat. Byen ligg langs hovudjernbanelinja mellom Bagdad og Basra.

For fuglekikkarar har Al-Diwaniyah eit rikt fugleliv.

Byen har ein dekkfabrikk som ein gong produserte det meste av dekk i Irak.[1]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Gordon, Michael (3. august 2008). «The Last Battle». New York Times. Henta 28. februar 2021.