Al Hajar-fjella

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Koordinatar: 23°18′N 57°6′E
Al Hajar-fjella
fjellkjede
Nakhal Fort 1.jpg
Hajjarfjella bak Nakhal Fort.
Land Flag of Oman.svg Oman, Flag of the United Arab Emirates.svg Dei sameinte arabiske emirata
Koordinatar 23°18′N 57°6′E
Høgaste punkt Jebel Akhdar
 - høgd 2 980 moh.
Lengd 500 km
AT0801 map.png
Wikimedia Commons: Al Hajar Mountains

Al Hajar-fjella (arabisk جبال الحجر, «Steinfjella») ligg nordaust i Oman og aust i Dei sameinte arabiske emirata og er den høgaste fjellkjeda aust på Den arabiske halvøya. Dei ligg mellom dei låge kystslettene i Oman og det høge ørkenplatået, kring 50–100 km inn i landet frå kysten av Omanbukta.

Geologi[endre | endre wikiteksten]

Geologisk sett er Al Hajar-fjella eit framhald av Zagrosfjella og vart danna i miocen og pliocenden arabiske plata kolliderte med og pressa seg mot den iranske plata. Desse fjella består hovudsakleg av kalkstein og ofiolitt frå krit-tida.

Plassering og skildring[endre | endre wikiteksten]

Fjella byrjar i nord der dei dannar Musandamhalvøya. Frå her går den nordlege delen av fjela (Hajjar al Gharbi) søraustover, parallelt til kysten, men gradvis lenger unna etter kvart som dei går sørover. Den sentrale delen av Hajar er Jebel Akhdar (2 980 moh), det høgaste og villaste terrenget i landet. Jebel Akhdar (og dei mindre Jebel Nakhl-fjella) grensar i aust til den låge Samaildalen (som fører nordaust til Muscat). Aust for Samail ligg Aust-Hajar (Hajjar ash Sharqi), som går austover, mykje nærmare kysten, til fiskebyen Sur, nesten ved det austlegaste punktet i Oman. Fjellrekkja strekkjer seg i alt over 500 km.

Det låge kystområdet nord og aust for Jebel Hajjar heiter Al Batinah-regionen («magen»), og terrenget innafor fjella er Ad Dhahirah («ryggen»).

Fjella er ein viktig økoregion, og det einaste habitatet i Aust-Arabia som er over 2 000 moh. Klimaet er kjølig og vått frå desemeber til mars, og varmare, men framleis med noko regn frå april til september.

Planteliv[endre | endre wikiteksten]

Fjella har eit rikt planteliv samanlikna med det meste av Arabia, inkludert nokre endemiske artar. Vegetasjonen endrar seg med høgda, og fjella er dekte med kratt i dei lågare liggande områda, så vert vegetasjonen tjukkare og til slutt byrjar skogen, med ville oliven og fiken tre i høgda mellom 1100 og 2500 moh. Over dette vert det brake igjen. Det vert dyrka frukttre som granateple og aprikos i dei kjøligare dalane og på stader finst det utspring med lite vegetasjon. Vegetasjonen minnar om fjellområde i Iran, i tillegg til område kring RaudehavetAfrikas horn. Til dømes finn ein treet Ceratonia oreothauma både her og i Somalia.

Dyreliv[endre | endre wikiteksten]

Det finst mange fuglar i fjellet, som egyptisk og øyregribb (Torgos tracheliotus). Av pattedyr finn ein fjellgaselle (Gazella gazella) og arabisk tahr (Arabitragus jayakari), som er endemisk til Al Hajar. Andre endemiske artar er fleire typar gekkoar og øgler: Asaccus montanus, Asaccus platyrhynchus og ein underart av Wadi Kharrar-gekko (Pristurus gasperetti gallagheri) som ein berre finn i Oman, medan der er andre reptilartar ein berre finn i desse fjella. Den utryddingstruga arabiske leoparden (Panthera pardus nimr) finst framleis på Musandamhalvøya.

Trugslar og bevaring[endre | endre wikiteksten]

Al Hajar vert nytta som beiteområde for geiter, kamelar og eslar og landskapet har blitt endre som følgje av byutvikling og gruvedrift. Snikskyting er eit anna problem. Den omanske staten har oppretta Wadi Sareen-reservatet og eit område i Jebel Qahwan-Jebal Sebtah aust i Hajar for å veren den arabiske tahren og fjellgasellene.

Fjellturar[endre | endre wikiteksten]

Det finst 11 markerte stiar med forskjellig vanskegrad og lengd i Hajarfjella.[1]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Trekking». website. Ministry of Tourism,sultanatet Oman.