Al Hashimiyya

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Al Hashimiyya
الهاشمية
landsby
Land  Jordan
guvernement Ajloun guvernement
Høgd 500−670 moh.
Koordinatar 32°21′51″N 35°39′35″E / 32.36417°N 35.65972°E / 32.36417; 35.65972
Areal 6,25 km² [1]
Folketal 6 515 [2]
Folketettleik 1 042 / km²
Kart
Al Hashimiyya
32°21′51″N 35°39′35″E / 32.36416667°N 35.65972222°E / 32.36416667; 35.65972222
Wikimedia Commons: Al Hashimiyya

Al Hashimiyya (arabisk الهاشمية, al-Hāshimīyah) er ein landsby i Ajloun guvernement nordvest i Jordan. Landsbyen ligg 7 km nordvest for Ajloun, 22 km sør for Irbid og 108 km nord for Amman. Han ligg nær Ajlounborga og Tell Mar Elias. Hashimiyya er ein av tre landsbyar som er ein del av Ash Shefa kommune (بلدية الشفا) i lag med Halawah (حلاوة) og Al Wahadinah (الوهادنه).

Geografi og klima[endre | endre wikiteksten]

Hashimiyya ligg i fjellområda kring Ajloun. Byen ligg på ein rygg som går austover og ned til Jordandalen. Nord- og austsida av Hashimiyya grensar til små lommer av skog. Klimaet er liknande middelhavsklima. Hashimiyya ligg innafor Den fruktbare halvmånen og har gode tilhøve for jordbruk. Det er vanleg med snø og regn om vinteren frå desember til februar.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Regionen kring Hashimiyya har vore busett sidan bronsealderen, som mellom anna dei arkeologiske funna i Pella og Abila i nærleiken er eit bevis på.

Seksdagarskrigen hadde stor innverknad på innbyggjarane i Hashimiyya. Før krigen var folketalet så lågt at den eldste moskeen ikkje vart bygd før i 1949 av Hajj Ahmed Abusini. Dei fleste innbyggjarane i landsbyen budde i vestenden, der Al-Maisor låg heilt aust i landsbyen. Etter krigen flytta mange familiar frå Jordandalen inn i Jordan og folketalet auka kraftig.

Økonomi[endre | endre wikiteksten]

Hovudnæringa i Al Hashimiyya er jordbruk, og det vert mellom anna dyrka kveite, granateple, fiken, favabønner, oliven og grønsaker.

Galleri[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]