Al Houta
Al Houta | |||
landsby | |||
Land | ![]() | ||
---|---|---|---|
Guvernement | Lahij | ||
Høgd | 125 moh. | ||
Koordinatar | |||
Folketal | 30 661 (2012) | ||
Folketettleik | 30 661 / km² | ||
Tidssone | Jemen standardtid (UTC+3) | ||
![]() Al Houta | |||
Wikimedia Commons: Lahej | |||
Al Houta eller Al-Hawtah (arabisk الحوطة) er ein by og eit område mellom Ta'izz og Aden i Jemen. På 1800- og 1900-talet var herskarane frå familien Al-Sallami som i lag med Al-Abdali, Al-Ramada, Al-Sindi og al-Aqrabi, hevda å vere i slekt med Ahl al-Bayt, familien til Muhammed. Houta var hovudstaden til sultanatet Lahej, eit proktektorat under Det britiske imperiet fram til 1967, då sultanen vart driven ut av byen og han vart ein del av Folkerepulikken Sør-Jemen.
Historie[endre | endre wikiteksten]
Houta har historisk vore kjend som basebyen til Aden. Sidan Aden var ein hamneby, budde det ikkje så mange jemenittar der. Houta har alltid vore i ein av dei mest frodige delane av Jemen og fekk kallenamnet Lahej Al Khathra, som tyder «Lahej den grøne». Dette skilde staden frå resten av Sør-Jemen som i stor grad er ørkenområde. I 1728 grunnla Abdulraheem Al-Sallami, eit medlem av al-Sallami-familien som flytta frå Sana'a, sultanatet Lahij. Sultanatet Lahej vart verande under Al-Sallami sin kontroll fram til den kalde krigen. Sultantatet kollapsa i 1967 etter at britane trekte seg ut av Aden. Frå seint i 1960-åra til Jemen vart samla i 1990, var Sør-Jemen under eit kommuniststyre, og massive landområde vart teken frå stammene og fordelt blant heile folkesetnaden. Då Ali Abdulla Saleh vart president i det samla Jemen i 1990, gav han landområda attende til dei rettmessige eigarane.
Økonomi[endre | endre wikiteksten]
I tidlegare tider produserte Lahij kokosnøtter.[1] I 1920 vart han nytta av karavaner på veg til Aden.[2]
Kjelder[endre | endre wikiteksten]
- Denne artikkelen bygger på «Al Houta» frå Wikipedia på engelsk, den 31. mai 2016.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene: