Al Jahra

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Al Jahra
جهراء
by
Al Jahra-oasen i 1960-åra
Land  Kuwait
guvernement Al Jahra guvernement
Distrikt Al Jahra-distriktet
Koordinatar 29°21′N 47°41′E / 29.350°N 47.683°E / 29.350; 47.683
Folketal 393 432  (2014)
Tidssone AST (UTC+3)
Kart
Al Jahra
29°21′00″N 47°41′00″E / 29.35°N 47.683333333333°E / 29.35; 47.683333333333
Wikimedia Commons: Al Jahra

Al Jahra (arabisk جهراء) er ein by 32 km vest for Kuwait by i Kuwait. Al Jahra er det administrative senteret i Al Jahra guvernement og Al Jahra-distriktet, som er jordbruksbasert. Byen har kring 400 000 innbyggjarar.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Al Jahra var ein gong dominert av jordbruksland og byrja som ein liten oaselandsby.[1] Historisk sett vart han kjend som ein handelsstasjon for kamelar og ein stoppestad på veg til Kuwait by. Han voks gradvis til ein by i lag med den historiske Raude festningen.[2] Al Jahra var åstad for slaget ved Jahra i 1920, ein konflikt mellom kuwaitarar og saudiarabarar. I dag står det eit nasjonalmonument til minne om slaget.

Golfkrigen[endre | endre wikiteksten]

Under Golfkrigen var det trefningar i utkanten av Al Jahra der dei allierte øydela ein irakisk konvoi som trekte seg attende opp Mutlaryggen mellom 25. og 26. februar 1991. Den amerikanske hæren fekk ordre frå general Norman Schwarzkopf jr. om å ikkje la nokon dra inn eller ut av Kuwait med å effektivt blokkere den tilbaketrekkjande konvoien i ein 150 km stor radius. Han gav ordre om å sende Apache-helikopter armert med antitanksmissilar for å blokkere irakarane.[3]

Samferdsle[endre | endre wikiteksten]

Al Jahra ligg 32 km nordvest for Kuwait by og er knytt til byen med ei rekkje ringvegar. Hovudveg 80 knyter byen til Abdaly ved den irakiske grensa. Hovudvegen vart kalla «The Highway of Death» på grunn av involveringa i Golfkrigen då dei allierte soldatane øydela ein irakisk konvoi her. Vegen vart reparert seint i 1990-åra, og vart nytta i byrjinga av den amerikanske og britiske invasjonen av Irak i 2003. Den mest nærliggande flyplassen er Kuwait internasjonale lufthamn.

Sport[endre | endre wikiteksten]

Al Jahra kamelmarknad i 1961.

Det største fotballaget er Al Jahra fotballklubb. Dei spelar på Al Shabab Mubarak Alaiar stadion med ein kapasitet på 25 000 tilskodarar. Dei har vunne Den kuwaitiske eliteserien ein gong, i 1990.[4][5]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Beaumont, Peter; Mclachlan, Keith Stanley (1985). Agricultural development in the Middle East. Wiley. s. 285. ISBN 978-0-471-90762-6. 
  2. Richard, Harold; Dickson, Patrick (1956). Kuwait and her neighbours. Allen & Unwin, University of Michigan. s. 253. 
  3. Hiro, Dilip (2003). Desert Shield to Desert Storm: The Second Golfkrigen. PublisheriUniverse. s. 387–389. ISBN 978-0-595-26904-4. 
  4. «Kuwait Emir Cup 1995/1996». Goalzz.com. Henta 4. september 2017. 
  5. «Kuwait Emir Cup 2001/2002». Goalzz.com. Henta 4. september 2017. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons har multimedium som gjeld: Al Jahra