Al Luhayyah

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Koordinatar: 15°23′0″N 42°33′37″E
Al Luḩayyah
by
Land Flag of Yemen.svg Jemen
Guvernement Al Hudaydah
Koordinatar 15°23′0″N 42°33′37″E
Folketal 2 656
Tidssone Jemen standardtid (UTC+3)

Al Luhayyah
15°42′14″ N 42°41′31″ E

Al Luḩayyah (òg kalla Luhayyah, Loheia, Luhaiyah eller Loheiya) er ein by på kystsletta Tihamah i Jemen. Hamna ligg 6 km sørvest for Al Luḩayyah, delvis i ly for havet av øya Al-Urmak.

Folketalet er estimert til under 3 000.[1]

Historie[endre | endre wikiteksten]

I følgje ei lokal segn voks byen opp kring huset og grava til ein heilag mann, sjeik Salei, og utvikla seg frå midten av 1400-talet til eit senter for kaffieksport. Mot slutten av 1700-talet var det bygd bymurar og festningsverk i byen. Han vart leia av emir Farhan då ein ekspedisjon frå Danmark vitja byen og skildra mottakinga si.[2]

Frå 1800 og frametter var Al Luḩayyah ein del av Det osmanske riket, og i 1912 vart det gjort store øydeleggingar her under den italiensk-tyrkiske krigen.[3] Byen vart erobra i 1918 i eit felles åtak frå den britiske marinen og styrkar lojale til Idrisi-herkarane i Asir,[4] som kontrollerte byen fram til 1925, då han igjen kom under jemenittisk styre. Han vart erobra våren 1934 av Saudi-Arabia, men gjeven attende same året etter Al-Ta'if-avtalen.[5]

Byen var formelt eit handelssenter, men vart mindre viktig dei siste to hundreåra, særleg då skipstrafikken vart flytta til den meir moderne hamna i Ahmadi, hamna til Al Hudaydah.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Luhayyah, Al-." Encyclopædia Britannica. Encyclopædia Britannica Online Library Edition. Encyclopædia Britannica, 2010. Web. 24 Oct. 2010
  2. Travels through Arabia and other countries in the East: performed by M. Niebuhr...translated into English by Robert Heron (Edinburgh, 1792)
  3. The Times, Wednesday, Jan 17, 1912; pg. 5; Issue 39797; col C.
  4. The Times, Tuesday, Oct 24, 1922; pg. 18; Issue 43170; col E
  5. The Times, Thursday, Jun 14, 1934; pg. 15; Issue 46780; col F: 'Arabian Peace: Treaty signed by Wahabi King'