Al Mahwit

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Koordinatar: 15°28′10″N 43°32′43″E
Al Mahwit
by
Almawhit01 flickr.jpg
Land Flag of Yemen.svg Jemen
guvernement Al Mahwit
Høgd 2 000 moh.
Koordinatar 15°28′10″N 43°32′43″E
Folketal 16 291 (2012)
Yemen location map.svg
Locator Red.svg
Wikimedia Commons: Al Mahwit

Al Mahwit (arabisk المحويت) er hovudstaden i Al Mahwit guvernement i Jemen. Han ligg i ei høgd på kring 2000 moh.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Al Mahwit

Den gamle byen Al-Mahwit ligg kring ei fjellfestning. Fram til 1970-åra var Al Mahwit særs isolert. Byen hadde eit folketal på kring 10 000 tidleg i 1980-åra. Etter den tid vart infrastrukturen utbetra og det vart lagt innlagt vatn, kloakkhandtering og elektrisitet til byen.[1]

Geografi[endre | endre wikiteksten]

Området er fjelldominert og ligg i Harazfjella og tiltrekkjer seg fjellturistar.[2] Det ligg fleire wadiar kring Al-Mahwit som Wadi Sama'a, Wadi Eyan, Wadi Juma't Saria, Wadi Hawar, Wadi Bour, Wadi Al- Hawdh, Wadi Thabab, Wadi Laa'a, Wadi Al-Ahjer og Wadi Naa'wan. Fleire landsbyar ligg spreidde i området som vart bygd på og rundt klipper.

Økonomi[endre | endre wikiteksten]

Området er avhengig av jordbruk, hovudsakleg produksjon av kaffi, tobakk, mais, durra og khat.[1]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 Burrowes, Robert D. (2010). Historical Dictionary of Jemen. Rowman & Littlefield. s. 230. ISBN 978-0-8108-5528-1. 
  2. Hämäläinen, Pertti (1999). Jemen. Lonely Planet Publications. s. 148. ISBN 978-0-86442-603-1.