Al Mukalla

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Koordinatar: 14°32′N 49°08′E
Al Mukalla
المكلا
by
none  Al Mukalla sett frå hamna
Al Mukalla sett frå hamna
Land Flag of Yemen.svg Jemen
guvernement Hadramaut
Koordinatar 14°32′N 49°08′E
Folketal 531 205 (2004)
Grunnlagd 1035
Tidssone Jemen Standard Time (UTC+3)
Yemen location map.svg
Locator Red.svg
Wikimedia Commons: Al Mukalla

Al Mukalla (arabisk المكلا, Al Mukallā) er ein hamneby og det administrative senteret i kystregionen Hadhramaut i Jemen sør i Arabia. Al Mukalla er den viktigaste hamnebyen i Hadramaut guvernement, det største guvernementet i Jemen. Han ligg ved Adenbukta nær Arabiahavet, 480 km aust for Aden.

Al Mukalla er den femte største byen i Jemen med eit folketal på kring 300 000. Byen vert tent av Riyan lufthamn.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Al Mukalla ligg ikkje langt frå «Cane» eller «Qana'», ein viktig kjøpstad i antikken mellom India og Afrika, med områda som produserte røykjelse i landet innafor.[1]

Al Mukalla vart grunnlagd i 1035 som ein fiskarlandsby. Området var ein del av Oman fram til midt på 1000-talet, og seinare i dei jemenittiske statane.

Han var hovudstaden i Qu'aiti-staten Hadhramaut fram til 1967 då han vart ein del av Sør-Jemen. Qu'aiti-staten var ein del av det austlege protektoratet Aden fram til Jemen-statane vart slått saman. Ein britisk rådgjevar var stasjonært i Al Mukalla.

I 1934 vitja den britiske eventyraren Freya Stark dei indre områda av Hadhramaut frå Al Mukalla, og opphaldet hennar i byen er omtalt i boka hennar, The Southern Gates of Arabia.[2]

Slaget ved Al Mukalla[endre | endre wikiteksten]

Den 2. april 2015 storma Al-Qaida på Den arabiske halvøya (AQAP) fengselet i byen, og sette fri hundrevis av fangar, mellom anna to AQAP-kommandantar. Dei gjekk til åtak på sentralbanken og tok 17 milliardar jemenittiske riyal og 1 million amerikanske dollar før dei tok kontroll over presidentpalasset i byen. Det vart rapportert at heile byen er under deira kontroll og at dei planlegg å opprette eit islamsk emirat i Hadramaut-området.[3]

I april 2015 vart Nasser bin Ali al-Ansi drepen i eit droneåtak i byen.[4]

Økonomi[endre | endre wikiteksten]

Mukalla hamn.
Brødhandling i gamlebyen.

Hovudmarknaden, soukh, er ein av dei viktigaste handelsstadane i byen.

Mukalla hamn ligg aust for byen. Hamna kan berre ta i mot skip som er kortare enn 150 meter. Hamna er tilpassa med oljerøyrleidningar for tankskip.

Sementfabrikken Raysut ligg i hamna og kan ta i mot store mengder sement frå frakteskip.

Turistmål[endre | endre wikiteksten]

Gamlebyen er open for turistar. Her ligg mellom anna sultanpalasset. Vakttårn finst i utpostar i fjella kring gamlebyen.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Myos Hormos». Maritime røykjelsesvegen. http://nabataea.net/cane.html. Henta 29. mai 2016. 
  2. Stark, Freya, The Southern Gates of Arabia, John Murray, London, 1936 (and reprinted in many modern editions)
  3. http://www.telegraph.co.uk/news/worldnews/middleeast/yemen/11510765/Al-Qaida-frees-300-prisoners-in-Yemen-jail-break.html
  4. http://www.cnn.com/2015/05/07/middleeast/aqap-commander-killed/

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Al Mukalla