Al Rayyan

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Koordinatar: 25°19′ N 51°22′ E
Al-Rayyan
الريان
kommmune
Qatar, Al Utouriya (3), village scene with mosque.JPG
Landsbyen Al Utouriya i Al Rayyan.
Land Flag of Qatar.svg Qatar
Koordinatar 25°19′ N 51°22′ E
Hovudstad Al-Rayyan
Areal 5 814 km²
Folketal 468 695 (2010) [1]
Folketettleik 81 / km²
Tidssone AST (UTC+3)
Al Rayyan in Qatar.svg
Wikimedia Commons: Al Rayyan

Al-Rayyan (arabisk الريان) er den største kommunen i Qatar. Al Rayyan tyder «vatningskjelda» og i forhold til islam òg «ei himmeldør». Den største busetnaden er byen med same namn. Al-Rayyan grensar til kommunane:

Jordbruk i Al Rayyan.

Al Rayyan kommune vart skapt som ein sjølvstendig kommune i 1979. Av dei viktigaste områda og distrikta i Al Rayyan kommune finn ein Al-Wajba, al-Shakab, al-Rayyan, Maeedher, al-Ghorafa, Ein Khaled, Marrikh, al-Shahaniya, al-Khurayb, al-Nasraniya, al-Outouriya, al-Jamilya og Aldoha.

I 2004 vart Al Jumaliyah kommune ein del av Al Rayyan kommune. Jarayan al Batnah vart delt mellom kommunane Al Rayyan og Al Wakrah.

Administrasjon[endre | endre wikiteksten]

Al Rayyan kommune vart grunnlagd i 1972.[2] Al Rayyan kommune er delt inn følgjande administrative soner:[1]

Sone Areal (km²) Folketal (2010)
Al Gharrafa, Gharrafat Al Rayyan, Izghawa, Bani Hajer, Al Seej, Rawdat Egdaim, Al Themaid 80.6 46 976
Al Luqta, Lebday, Gamle Al Rayyan, Al Shagub, Fereej Al Zaeem 13.4 20 416
Nye Al Rayyan, Al Wajbah, Muaither 103.3 76 291
Fereej Al Amir, Luaib, Muraikh, Baaya, Mehairja, Fereej Al Soudan 18.1 23 591
Fereej Al Soudan, Al Waab, Al Aziziya, New Fereej Al Ghanim, Fereej Al Murra, Fereej Al Manaseer, Bu Sidra, Muaither, Al Sailiya, Al Mearad 89.9 138 573
Fereej Al Asiri, New Fereej Al Khulaifat, Bu Samra, Al Mamoura, Abu Hamour, Mesaimeer, Ain Khaled 64.9 85 906
Al Utouriya 648.5 1 060
Al Jemailiya 626.2 1 706
Al-Shahaniya 287.2 35 393
Mebaireek 198.6 11 333
Rawdat Rashed 454.1 6 046
Al Karaana 551.7 1 567
Umm Bab 495.2 6 194
Al Nasraniya 423.2 1 043
Dukhan 365.0 11 520
Abu Samra 824.9 1 065
Sawda Natheel 569.8 15
Kommune 5814.7 468 695

Klima[endre | endre wikiteksten]

Som alle byane i Qatar har Al Rayyan er temperaturane behagelege frå november til mars, medan april til november er særs varm. Al Rayyan har tørketid frå mars til oktober.[3]

Normalar for Al Rayyan
Månad Normal maks. temperatur Normal min. temperatur Normalnedbør
Jan 22°C 13°C 13.4 mm
Feb 23°C 13°C 17.8 mm
Mar 27°C 17°C 15.2 mm
Apr 32°C 21°C 7.6 mm
Mai 38°C 25°C 2.5 mm
Jun 41°C 27°C 0.0 mm
Jul 41°C 29°C 0.0 mm
Aug 41°C 29°C 0.0 mm
Sep 38°C 26°C 0.0 mm
Okt 35°C 23°C 0.0 mm
Nov 29°C 19°C 2.5 mm
Des 24°C 15°C 12.7 mm

Idrett[endre | endre wikiteksten]

Al-Rayyan Sports Club har lag innan fleire idrettar som fotball, basketball, volleyball, handball og bordtennis. Klubben vart grunnlagd i 1967 og har vunne mange meisterskap innan desse idrettane. Al-Rayyan Sports Club held til i Ahmed bin Ali stadion. Stadionet har ein kapasitet på 21 282 tilskodarar og det er planlagt ei utviding til 44 740 tilskodarar for fotball-VM 2022.

Venskapsbyar[endre | endre wikiteksten]

Al Rayyan er venskapsby med:

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 «Census 2010». Qatar Statistics Authority. 2010. Arkivert frå originalen den 2. juni 2016. Henta 9. november 2016. 
  2. «Al Rayyan Municipality». Ministry of Municipality and Urban Planning. Henta 31. oktober 2016. 
  3. [1]
  4. «Mogilev and Ar Rayyan signed an agreement of contact». 11. oktober 2010. Henta 20. november 2016.