Al Thakhira

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Koordinatar: 25°44′05″N 51°32′51″E
Al Thakhira
الذخيره
landsby
Dakhira Beach, Qatar.JPG
Al Thakhira-stranda i Qatar
Land Flag of Qatar.svg Qatar
Kommune Al Khor
Koordinatar 25°44′05″N 51°32′51″E
Folketal 13 511 (2004)
Qatar location map.svg
Locator Red.svg
Wikimedia Commons: Al Dhakhira

Al Thakhira er ein landsby ved kysten i Al Khor kommune i Qatar, kring 7 km nordaust i byen Al Khor. Al Dakhira naturreservat ligg i området, og er ei øy med mangrover og ei strand.[1]

Mangroveøy i Al Thakhira
Mangrover i Al Thakhira

Historie[endre | endre wikiteksten]

J.G. Lorimer skreiv i Gazetteer of Gulf of Persia om Al Thakhira i 1908:

«

Ein landsby på austkysten av Qatar, ved ein khor eller ei vik med same namn, kring 45 km nord for Doha, og består av kring 100 hus som tilhøyrer Mahandah-stamma (Al Muhannadi). Folket er alle perledykkarar, og har ingen andre jobbar utanom fiske og dei eig ingen dyr. Landsbyen eig femten perlebåtar (bemanna av 180 mann), to andre havgåande fartøy og fem fiskebåtar. Av transportdyr finn ein 10 kamelar. Drikkevatnet kjem frå Lubwairdah, 3,5 km mot nordvest.[2]

»

Idrett[endre | endre wikiteksten]

Al Thakhira har sin eigen amatørfotballiga.[3] I 2005 vart Al Thakhira FC skipa og har konkurrert i den QFA-godkjende Qatar amatørliga sidan 2013.[3]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Natural Landmarks Qatar Tourism
  2. «'Gazetteer of Arabia Vol. I' [525] (556/1050)». Qatar Digital Library. Henta 6. februar 2017. , Denne artikkelen inneheld tekst frå denne kjelda, som er i offentleg eige.
  3. 3,0 3,1 «QAL: Amateur, but spirited!». Doha Stadium Plus Qatar. 5. februar 2014. Henta 31. juli 2015.