Al Waba-krateret

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Al Waba-krateret
vulkan
Al Wahbah-krateret
Land  Saudi-Arabia
Koordinatar 22°54′N 41°08′E / 22.900°N 41.133°E / 22.900; 41.133
Kart
Al Waba-krateret
22°54′00″N 41°08′20″E / 22.9°N 41.138888888889°E / 22.9; 41.138888888889
Wikimedia Commons: Al Wahbah crater

Al Waba-krateret (Maqla Tamia på arabisk) er eit vulkankrater 254 km frå Taif langs vestkanten Harrat Kishb basaltplatå, med fleire vulkankjegler. Det er 250 meter djup og 2 km i diameter. Botnen av krateret er dekt av kvit natriumfosfat-krystaller.

Ein trudde ei stund at krateret var danna av ein meteoritt, sidan utsjånaden minnar om Barringerkrateret med ei sirkelform og høge sider, men geologar er no samde om at krateret er eit maar-krater, og vart danna av vulkansk aktivitet i form av eit underjordisk freatisk utbrot - ein massiv dampeksplosjon skapt av smelta basaltisk magma som kom i kontakt med underjordisk vatn.[1]

Det finst restar av daddelpalmeplantasjar halvvegs ned i krateret, men desse er ikkje i bruk. Det finst kjelder nær plantasjane.

Palmetre ved Al Wahbah-krateret.
Senteret av Al Wahbah-krateret

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Grainger, David J. (1996). «Al Wahbah volcanic explosion crater, Saudi-Arabia». Geology Today 12 (1): s. 27–30. doi:10.1046/j.1365-2451.1996.00006.x. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]