Al Wajbah

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Koordinatar: 25°18′N 51°24′E
Al Wajbah
busetnad
Land Flag of Qatar.svg Qatar
Kommune Al Rayyan
Koordinatar 25°18′N 51°24′E
Qatar location map.svg
Locator Red.svg

Al Wajbah er ein busetnad i Qatar i kommunen Al Rayyan.[1] Han ligg 15 km vest for hovudstaden Doha. Staden var åstad for slaget ved Al Wajbah, som fann stad mellom osmanarane og qatarske stammer i 1893. Osmanarane sette i gang ein blokade av staden i mars 1893.[2] Hovudslaget fann stad seinare den månaden i fortet i byen, Al Wajbah fort.

J.G. Lorimer skildra byen i Gazetteer of Gulf of Persia i 1908 som ein by med ein innmura hage og eit fort og ein moské, som alle var eigd av medlemmar av den regjerande familien. Han vart òg skildra som ein beduinleir med tre djupe mursteinsbrunnar med godt vatn.[3]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «2010 population census» (PDF). Qatar Statistics Authority. Henta 30. mars 2017. 
  2. Zahlan, Rosemarie Said (1979). The creation of Qatar (print utg.). Barnes & Noble Books. s. 53. ISBN 978-0064979658. 
  3. «'Gazetteer of Gulf of Persia. Vol. II. Geographical and Statistical. J G Lorimer. 1908' [1529] (1644/2084)». Qatar Digital Library. Henta 30. mars 2017.