Al Wakrah

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Denne artikkelen handlar om byen aust i Qatar. For kommunen som byen ligg i, sjå Al Wakrah kommune.
Al-Wakrah
الوكرة
by
Land  Qatar
kommune Al Wakrah kommune
Koordinatar 25°10′48″N 51°36′36″E / 25.18000°N 51.61000°E / 25.18000; 51.61000
Areal 66,3 km²
Folketal 79 457  (2010)[1]
Folketettleik 1 198 / km²
Tidssone Austafrikansk tid (UTC+03)
Kart
Al Wakrah
25°11′N 51°37′E / 25.18°N 51.61°E / 25.18; 51.61
Wikimedia Commons: Al Wakrah

Al-Wakrah (òg skrive Al Wakra, arabisk skrift الوكرة) er hovudstaden i Al Wakrah kommune i Qatar. Austsida av Al Wakrah ligg ved kysten av Persiabukta. Byen vert styrt av sjeik Abdulrahman bin Jassim Al Thani, og var opphavleg ein liten fiske- og perlelandsby. I løpet av åra har han utvikla seg til ein liten by med meir enn 30 000 innbyggjarar, og vert rekna som ein av dei store byane i Qatar.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Byen var historisk eit senter for perlefiske[2] i åra då den qatarske økonomien var heilt avhengig av perleindustrien.[3] I 1898 var det kring 200 båtar i nærleiken mellom Al Wakrah og Al Bidaa.[4] I 1925 var det 250 båtar her.[5]

Al Wakrah fort i 1908.

Idrett[endre | endre wikiteksten]

Idrettsklubben i Al Wakrah er Al-Wakrah Sports Club, og fotballaget deira spelar på øvste nivå i Qatar. Heimebanen er Al-Wakrah stadion, som kan nyttast til fleire føremål. Kapasiteten er i dag 20 000 tilskodarar, men det er planar om å utvide dette til 43 500 for fotball-VM 2022.

Venskapsbyar[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «2010 population census» (PDF). Qatar Statistics Authority. Henta 23. januar 2017. 
  2. Schulte-Peever, Andrea; Shearer, Iain (1. september 2013). Oman, UAE & Den arabiske halvøya. Lonely Planet. s. 279. ISBN 1742200095. Henta 31. mars 2017. 
  3. Fromherz, Allen (28. mai 2016). Qatar: A Modern History. Georgetown University Press. ISBN 978-1-58901-910-2. 
  4. «'Persiabukta Gazetteer Part II, Geographical and Descriptive Materials, Section II Western Side of the Gulf' [53v] (109/286)». Qatar Digital Library. Henta 24. januar 2017. 
  5. «'Gazetteer of Gulf of Persia. Vol. II. Geographical and Statistical. J G Lorimer. 1908' [1925] (2052/2084)». Qatar Digital Library. Henta 24. januar 2017. 
  6. «Qatar: Emir Tamim meetings». gsn-online.com. 27. november 2014. Arkivert frå originalen 14. februar 2016. Henta 24. januar 2017. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons har multimedium som gjeld: Al Wakrah
Reiseguide for Al Wakrah frå Wikivoyage