Alain Mimoun

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Alain Mimoun


Statsborgarskap Frankrike
Fødd 1. januar 1921
Telagh
Død

27. juni 2013 (92 år)
Saint-Mandé

Idrett friidrett
Tok del i

Sommar-OL 1960, Sommar-OL 1956, Sommar-OL 1952, Sommar-OL 1948

Utmerkingar

storoffiser av Æreslegionen, Croix de guerre 1939–1945, ridder av Den nasjonale fortjenstorden, Ordenen for sportsfortjenester, L'Équipe Champion of Champions, olympisk gullmedalje

Alain Mimoun Ould Kacha (1. januar 192127. juni 2013) var ein algerisk-fransk langdistanseløpar som i 1956 vart olympisk meister i maratonløping. Han vann elles tre OL-sølv og to EM-sølv på 5-/10 000 meter.

Aktiv[endre | endre wikiteksten]

Alain Mimoun i 1956 med OL-gull frå maratonløpet
Emil Zátopek i leiinga under 5 000-meterløpet i Sommar-OL 1952, framom Mimoun og Herbert Schade

Mimoun deltok i 2. verdskrigen som soldat i den franske hæren. Etter krigen busette han seg i Frankrike, og frå 1947 til 1966 vart han heile 29 gonger fransk meister på 5 000 meter, 10 000 meter, maraton og terrengløp.

Mimoun representerte Frankrike i fire olympiske sommarleikar, 1948–60. I London-OL 1948 vann han sølvmedaljen i milløpet, slått av den suveren vinnaren Emil Zátopek frå Tsjekkoslovakia. Fire år sikra Mimoum seg to sølvmedaljar under Sommar-OL 1952 i Helsinki, der han vart andremann bak same Zátopek både på 10 000 meter og på 5 000 m. På 5 000-meteren fylgde han Zátopek heilt inn til målstreken og sette personleg rekord med 14.07,4. Også i den mellomgåande europameisterskapen 1950 enda Mimoun på sølvplassen på 5 000 m og 10 000 m, der òg var Zátopek hans overmann.

I landskampen Polen – Frankrike den 9. september 1956 i Warszawa sette Mimoun fransk rekord på mila med 29.13,4, men vart slått av Polens Jerzy Chromik som fekk sluttida 29.10,0. Den 1. desember 1956 sprang Mimoun inn til siger i maratonløpet då dei olympiske sommarleikane 1956 vart avvikla i Melbourne, over halvtanna minutt føre Franjo Mihalić frå Jugoslavia. To år seinare vann Mimoun eit maratonløp på tida 2.21.25, hans fortaste løp på distansen.

Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]