Alakurtti

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Bygningar i Alakurtti

Alakurtti (russisk Алакуртти; finsk Alakurtti) er ein by på 6 671 innbyggjarar (2002) som ligg sør for «halsen» til Kolahalvøya i Murmansk oblast i det nordvestlege Russland. Alakurtti vert administrert frå Kandalaksja. Byen var inntil 1940 del av det finske Lapplands län.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Hus i Alakurtti
Kart over Alakurtti i Kandalaksja.


Den 30. november 1939 vart Alakurtti brent ned av finske troppar under tilbaketrekking. I mars 1940 vart byen del av den karelo-finske sosialistiske sovjetrepublikken i Sovjetunionen. I juni 1941 vart byen teken av tyske og finske troppar og den 14. september 1944 igjen av sovjetiske troppar.[treng kjelde] I 1953 vart Alakurtti del av Murmansk oblast.

Sidan januar 2015 har Alakurtti vore forlegningstad for ein brigade av den russiske nordflåten (basen hadde vore umanna sidan 2009).[1]

Omkring 3 km nordvest for Alakurtti ligg Alakurtti luftbase som har eit bomberegiment med Sukhoj Su-24 og eit helikopterregiment med Mil Mi-24 og Mil Mi-8.

Alakurtti har jarnbanesamband.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Der Norden hält sich für verwundbar», Frankfurter Allgemeine Zeitung (FAZ), 16. januar 2015.