Alan Howard
| Alan Howard | |||
| Fødd | 5. august 1937 | ||
|---|---|---|---|
| Fødestad | London | ||
| Død | 14. februar 2015 (77 år) | ||
| Dødsstad | London | ||
| Fødenamn | Alan MacKenzie Howard | ||
| Verka som | teaterskodespelar, filmskodespelar, fjernsynsskodespelar, skodespelar, theatre maker | ||
| Mor | Jean Compton Mackenzie | ||
| Far | Arthur Howard | ||
| Ektefelle | Stephenie Hincliffe Davies, Sally Beauman | ||
| Prisar | kommandør i den britiske imperieorden, Laurence Olivier Award | ||
Alan Mackenzie Howard (5. august 1937–14. februar 2015) var ein britisk skodespelar, oppvaksen vest i Sussex.
Biografi
[endre | endre wikiteksten]Alan Howard var einebarn og kom frå ein skodespelarfamilie. Onkelen hans, Leslie Howard var ein kjend skodespelar i 1930-åra, m.a. frå filmatiseringa av Tatt av vinden. Alan Howard gjorde sin fyrste sceneopptreden på teater i Coventry i 1958, og fekk mange teaterroller utover 1950- og 1960-åra. Frå 1966 til 1983 var han medlem i teaterselskapet Royal Shakespeare Company, noko som gjorde at han spelte i mange teaterstykke av Shakespeare, men også andre kjende dramatikarar, fram til i dag. Frå 1992 til 2000 spelte han mange hovudroller ved Royal National Theatre i London.
Alan Howard har også hatt roller i spelefilm sidan 1961, då han spelte i filmen Victim. I seinare år har han vorte kjend for å spela inn den nifse røysta til Ringen i storfilmane Ringenes herre: Ringens brorskap (2001) og Ringenes herre: Atter en konge (2003), begge av Peter Jackson. Replikkane hans er både på engelsk og på Mordor-språket, som vart laga av J.R.R. Tolkien.[1]
Alan Howard vart utnemnd til kommandør av den britiske imperieordenen 1998.
Filmar
[endre | endre wikiteksten]- Victim (1961)
- Helter i Telemark (1965)
- Work Is a 4 Letter Word (1968)
- Oxford Blues (1984)
- The Return of the Musketeers (1989)
- Strapless (1989)
- The Cook the Thief His Wife & Her Lover (1989)
- Antigone/ Rites of Passion
- Dakota Road (1992)
- The Secret Rapture (1993)
- Ringenes herre: Ringens brorskap (2001)
- Ringenes herre: Atter en konge (2003)
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen byggjer på «Alan Howard» frå Wikipedia på engelsk, den 29. februar 2012.
- Filmografien er henta frå imdb.com, den 29. februar 2012.