Alan Lomax

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Alan Lomax

Fødd31. januar 1915
Austin
Død19. juli 2002
Safety Harbor
NasjonalitetUSA
Yrkeantropolog, musikar, musikkforskar, historikar, etnomusikolog, musikkhistorikar, fotograf, musikkritikar, journalist, filmregissør
Alma materHarvard University
Columbia University
University of Texas
Choate Rosemary Hall
St. Mark's School of Texas
EktefelleElizabeth Lyttleton Sturz
MedlemPhi Beta Kappa

Alan Lomax (31. januar 191519. juli 2002) var ein sentral amerikansk folklorist og musikolog. Han var ein av dei store innsamlarane av folkemusikk på 1900-talet, og gjorde tusenvis av opptak av tradisjonell song og musikk i USA, Storbritannia, Karibia, Italia og Spania

Biografi[endre | endre wikiteksten]

Lomax var son av den banebrytande musikologen og folkloristen John Lomax, og starta karrieren som innsamlar gjennom å arbeide for faren med å spele inn songar framførte av fengselsfangar i Texas, Louisiana, og Mississippi. Han studerte filosofi ved University of Texas i Austin, og arbeidde for Library of Congress med eit prosjekt om munnleg historie. For enkelte er han mest kjend for teorien sin om cantometrics.

Saman med far sin arbeidde Lomax ved Archive of Folk Culture, arkivet for folkekultur, ei samling med meir enn ti tusen innspelingar for arkivet for amerikanske folkesongar ved Library of Congress.

Lomax gjorde eit høgt skatta innsamlingsarbeid innan både amerikansk og internasjonal kultur, og gjennom karrieren sin samla han inn folkemusikk frå heile verda, særleg frå dei amerikanske sørstatane. Han spelte inn intervju med fleire musikarar, blant andre Woody Guthrie, Lead Belly, Muddy Waters, Jelly Roll Morton, og Jeannie Robertson. Han var i tillegg radioprodusent, stod bak fleire TV-program, og hadde ei sentral rolle både i oppblomstringa av folkemusikk i USA og Storbritannia1950-talet.

Han gjorde opptak med irske tradisjonsmusikarar, inkludert songar på engelsk og irsk framført av Elizabeth Cronin i 1951. Ein studie av italiensk folkemusikk utført saman med i 1953–54 Diego Carpitella tok vare på fleire viktige tradisjonelle musikktypar før dei forsvann for alltid. Frå det omfattande materialet Lomax samla av italiensk og i tillegg spansk folkemusikk kom dei første teoriane om kva for slag folkesongar som blir utvikla i ulike område, i samband med arbeidsformer, miljø og grader av sosial og seksuell fridom.

I 1944 var Alan Lomax med balladeoperaen The Martins and the Coys saman med mellom andre Burl Ives, Woody Guthrie og Pete Seeger. Framføringa blei teken opp av BBC og CBS og utgjeven på CD i 2000.

Verkliste[endre | endre wikiteksten]

Ufullstendig

  • Selected Writings 1934-1997 (2003)
  • The Land Where The Blues Began (1993)
  • Mister Jelly Roll: The Fortunes of Jelly Roll Morton, New Orleans Creole and «Inventor of Jazz» (1973)
  • Our Singing Country: Folk Songs and Ballads (edited with John Lomax, re-printed 2000)
  • Penguin Book of American Folk Songs (1968)

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]