Alan Mullery

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Alan Mullery
Statsborgarskap Storbritannia, England
Fødd 23. november 1941 (82 år)
Notting Hill
Idrett fotball
Tok del i

VM i fotball 1970, EM i fotball 1968

Utmerkingar

medlem av Den britiske imperieordenen

Alan Patrick Mullery (fødd 23. november 1941) er ein engelsk tidlegare fotballspelar frå London. Han var med om å vinne FA-cupen 1967 og UEFA-cupen 1972 for Tottenham Hotspur. Mullery var defensiv midtbanespelar, kvikk og duellsterk.

Karriere[endre | endre wikiteksten]

Klubbspel[endre | endre wikiteksten]

Mullery spelte på Fulham FC frå 1958. I mars 1964 vart han overført til Tottenham. Våren 1967 vann han og klubben FA-cupfinalen mot Chelsea FC. Frå 1968 var Mullery kaptein for Tottenham-laget. I den eigenskap kunne han i februar 1971 heve ligacup-pokalen etter siger 2–0 over Aston Villa. Året etter skåra han det siste Tottenham-målet då London-klubben vann med 3 mot 2 over Wolverhampton Wanderers i dobbelt-oppgjeret om trofeet i UEFA-cupen.

Deretter vende Mullery tilbake til Fulham FC. Perioden 1972-76 var han med å leie andredivisjons-laget til FA-cupfinale i 1975, ein kamp som enda tap 0–2 mot byrival West Ham United.

Landslagsspel[endre | endre wikiteksten]

I tida desember 1964 til oktober 1971 spelte Mullery 35 landskampar for England. Han vart utvist i semifinalen mot Jugoslavia i EM i fotball 1968, den fyrste engelske spelaren utvist frå ein landskamp. Mullery deltok i Fotball-VM 1970, der han skåra sitt einaste landslagsmål då England i kvartfinalen rauk ut or meisterskapen etter tap 2–3 mot Tyskland.

Merittar[endre | endre wikiteksten]

  • Vinnar av UEFA-cupen: 1972 med Tottenham
  • Vinnar av FA-cupen 1967 med Tottenham
  • Vinnar av ligacupen: 1971 med Tottenham

Kjelder[endre | endre wikiteksten]