Alan Rickman

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Alan Rickman

Statsborgarskap Storbritannia
Fødd 21. februar 1946
Hammersmith
Død

14. januar 2016 (69 år)
London

Yrke fjernsynsskodespelar, filmskodespelar, stemmeskodespelar, karakterskodespelar, filmregissør, filmprodusent, grafisk designar, teaterskodespelar, skribent, skodespelar, manusforfattar, sceneinstruktør, regissør
Språk engelsk
Politisk parti Det britiske arbeidarpartiet
Medlem av Royal Shakespeare Company
Ektefelle Rima Horton
Nettstad https://alanrickman.com
Alan Rickman på Commons
Alan Rickman i desember 2009.

Alan Sidney Patrick Rickman (21. februar 194614. januar 2016) var ein britisk skodespelar frå London. Han var særleg kjend for rolla som Severus Slur i filmane om Harry Potter.

Biografi[endre | endre wikiteksten]

Alan Rickman vart fødd inn i ein familie på fire born South Hammersmith i London, og gjekk på montessoriskule i barndommen. Faren døydde då Alan var åtte år gamal. Mora gifte seg opp att, men skilde seg etter tre års ekteskap med den nye ektemannen. Alan Rickman viste gode evner for kalligrafi og måleri med vassfargar. Sjølv om han hadde stor interesse for drama, utdanna han seg til grafisk designer. Han byrja i jobb for avisa Notting Hill Herald, og starta opp sitt eige designstudio med nokre kameratar. Etter eit par år bestemte han seg likevel for å søkja om plass ved Royal Academy of Dramatic Art og gjekk der frå 1972 til 1974. Han fordjupa seg i Shakespeare ved akademiet, og i 1978 fekk han si fyrste rolle for fjernsyn, i ei oppsetjing av Romeo og Julie. Rickman vart også med i Royal Shakespeare Company.

Alan Rickman vart seinare ein kjend skodespelar både på teater og på film og fjernsyn. Av større filmproduksjonar kan nemnast at han spelte skurken i Hollywood-filmen Die Hard i 1988 og i komedien Truly Madly Deeply i 1990. I 1991 var han med i Robin Hood - Tyvenes prins, og han spelte i filmoppsetjinga av Fornuft og følelser i 1995. I 2003 hadde han ei av hovudrollene i Love Actually (2003) og han var med i Sweeney Todd - Demonbarbereren fra Fleet Street i 2007. Alan Rickman var også ein dyktig stemmeskodespelar. Han spelte inn stemma til roboten Marvin i Haikerens guide til galaksen (2005), og til larven i Alice i Eventyrland i 2010.

Alan Rickman vann m.a. Emmy-prisen og BAFTA-prisen.

Rolle i Harry Potter-filmane[endre | endre wikiteksten]

I 2001 spelte han Severus Slur i den fyrste Harry Potter-filmen; Harry Potter og de vises stein. Alan Rickman skulle få spela i denne rolla i til saman åtte filmar frå 2001 til 2011. I Harry Potter-universet til J.K. Rowling underviser karakteren Severus Slur i eliksirar og i forsvar mot svartekunstar ved Galtvort. Slur er framstilt som ein kompleks og tvitydig karakter. Han er svært dyktig på den magiske eigenskapen psykoblokking, noko som gjer at han forsvara seg mot at andre kan lesa tankane hans og sjå kva han eigentleg føler. I filmane er Slur difor ein kald og streng figur som ikkje fortel mykje om seg sjølv.

Filmografi[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]