Alan Smith

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Alan Smith


Alan Smith i 2004

Statsborgarskap Storbritannia, England
Fødd 28. oktober 1980 (43 år)
Rothwell
Idrett fotball

Alan Smith (fødd 28. oktober 1980) er ein engelsk tidlegare fotballspelar, best kjend for tida i Leeds United og deretter Manchester United. Han var ein energisk spelar som gav motstandarlag lite spelerom.

Karriere[endre | endre wikiteksten]

Klubbspel[endre | endre wikiteksten]

Smith utmerkte seg som ein offensiv angreps- og kantspelar i Leeds United. Etter at klubben rykte ned frå den øvste ligaen i 2004, vart han overført til Manchester United mot 7 millionar pund. I februar 2006 vart han skadd i ein ligakamp mot Liverpool FC. Han mista såleis ligacupfinalen 2006, som enda med 4–0 over Wigan Athletic. Skaden vart langvarig og førte til Alex Ferguson gav han rolla som defensiv midtbanespelar. Han fekk lite speletid i 2006/07-sesongen då Manchester United vann ligatrofeet. Sommaren 2007 flytta han til Newcastle United, eit lag han spelte for til 2011. Han avslutta sine år som aktiv med spel på nivå 3 og 4 for Milton Keynes i 2012-14 og Notts County perioden 2014-18.

Landslagsspel[endre | endre wikiteksten]

Perioden 2001-07 deltok Smith i 19 av Englands landskampar. Hans einaste landslagsmål kom då England og Portugal spelte uavgjort 1–1 i ein vennskapskamp hausten 2002 på Villa Park i Birmingham.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]