Alaska

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Alaska
delstat
Flagg
Våpen
Land  USA
Del av continental United States
Hovudstad Juneau
Areal 1 717 854 km²
 - land 1 481 347 km²
 - vatn 236 507 km²
Folketal 739 795  (2017)
Folketettleik 0 / km²
Guvernør Mike Dunleavy
Før innlemming Territoriet Alaska
Innlemma i USA 3. januar 1959
Statsnummer 49.
Innbyggjarnamn alaskar
Forkorting AK
Kart
Alaska
64° N 150° W
Wikimedia Commons: Alaska
Nettstad: alaska.gov

Alaska er ein delstat i USA som ligg for seg sjølv i det nordvestlege Nord-Amerika. Alaska grensar berre til Canada, og er derfor den einaste staten, saman med Hawaii, som er separert frå resten av landet. Hovudstaden er Juneau, som er den einaste delstatshovudstaden på fastland som berre kan nåast med hjelp av fly eller båt. Alaska er den desidert største delstaten i areal, men ein av dei med færrast innbyggjarar. Han er den 49. staten i USA, og vart med i unionen den 3. januar 1959. Namnet Alaska stammar frå det aleutiske alyeska, som tyder 'stort land' eller 'fastland'.

Hamna i Sitka i Alaska

Klima[endre | endre wikiteksten]

Om sommaren er det midnattssol nord i Alaska og temperaturane kan stige til over 20 °C i indre område, men sjølv på denne tida går temperaturen i dei fleste områda under 10 °C om natta. I tillegg har ein ganske ofte regnbyger og stundom torevêr. Om vinteren byggjer kalde luftmassar seg opp i aust, og Fairbanks, som ligg om lag i midten av staten, kan få temperaturar under −40 °C i fleire dagar på rad. Iståke frå røyk og eksos kan gjere tilhøva endå verre.

Sørkysten, som strekkjer seg frå Aleutane til Panhandle, er som regel tørr og kjølig om sommaren, og mykje mildare enn resten av staten om vinteren. Lågtrykk frå Stillehavet kan stundom gje store nedbørsmengder i Panhandle, både som regn og snø. Atka på Aleutane har ein årleg nedbørsnormal på 1761 mm.

Myr- og tundraområda i nordvestlege område er kalde om vinteren, og ofte skya med tåke om sommaren, særleg langs kystlinja. Lufta er vanlegvis for kald til å halde på mykje fukt, så det regnar og snør lite. Barrow som er den nordlegaste busetnaden får 107 mm i eit normalår, og er nesten for ein ørken å rekne.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Kart over Alaska.

Alaska vart først folkesett av menneske som kom over Beringstredet. Over tid vart område busett av dei eskimostammane som blir kalla for inupiaq, inuit og yupik, i tillegg til ei rad indianarstammer. Alt folket i Nord- og Sør-Amerika frå før Kristoffer Columbus nedstammar frå folkegrupper som vandra inn i kontinentet over Beringstredet og vidare sørover.

Europarane kjem[endre | endre wikiteksten]

Dei første europerarane i Alaska kom frå Russland. Vitus Bering segla austover og såg St. Elias-fjellet. Eit russisk-amerikansk selskap jakta på sjøoter for å selje pelsane. Kolonien var aldri spesielt innbringande på grunn av kostnadane ved transporten.

Kjøpet av Alaska[endre | endre wikiteksten]

Etter påtrykk frå William Seward avgjorde det amerikanske senatet å kjøpe Alaska frå Russland for 7,2 millionar dollar, noko som justert for inflasjonen svarar til 134 millionar amerikanske dollar i dag. Vedtaket vart gjort den 9. april 1867. Det amerikanske flagget vart heisa 18. oktober same år. No blir den dagen kalla Alaska-dagen. Etter at USA tok over vart den internasjonale datolinja flytta vestover og Alaska skifta frå å følgje den julianske kalenderen til den gregorianske kalenderen. På grunn av dette vart det to fredagar på rad for innbyggarane då den 6. oktober 1867 vart etterfylgt av den 18. oktober 1867.

Den første amerikanske administratoren for Alaska var den polske immigranten Włodzimierz Krzyżanowski. Oppkjøpet var ikkje like populært i alle delar av USA, der dei nedsettande viste til Alaska som «Sewards dårskap» (Seward's Folly) og «Sewards kjøleskap» (Seward's Icebox). Alaska feirar overtakinga kvart år på den siste måndagen i mars månad og kallar den for «Sewards dag». Etter overtakinga av Alaska mellom 1867 og 1884 vart namnet endra til Department of Alaska. Mellom 1884 og 1912 vart den komande staten kalla for District of Alaska.

Territoriet Yukon mellom Alaska og Canada vart åstad for eit gullrush på slutten av 1800-talet, og var eit viktig område for gruvedrift fram til gullreservane ebba ut.

Gull[endre | endre wikiteksten]

Gullrushet starta i byen Juneau. I 1897 vart det oppdaga gull ved Klondikeelva i Yukon Territory i Canada. 100 000 gullgravarar var snart på veg. I 1898 vart det funne gull på strendene nær byen Nome nordvest i Alaska. To år seinare var nærmare 18 000 gullgravarar på plass. Alaska vart kjent verda over.

Etter Japans angrep på øyane utanfor Alaska under den andre verdskrigen, bygde amerikanarane store flybasar. Alaska er framleis av stor militærstrategisk tyding for USA.

Under krigen vart Alaska Highway frå grensa til USA gjennom Canada til Alaska bygd - 2450 km veg i løpet av åtte månader.

Ein del av unionen[endre | endre wikiteksten]

President Dwight D. Eisenhower signerte Alaska Statehood Act den 7. juli 1954 som førte Alaska inn i Sambandsstatane den 3. januar 1959 og Alaska vart den 49. staten i USA.

I 1976 endra innbyggarane i Alaska på lovane i delstaten og etablerte Alaska Permanent Fund. Fondet investerer delar av statens mineraloverskott, inkludert overskott frå Trans-Alaskan Pipeline System, til fordel for alle generasjonar i Alaska. I mars 2005 var verdien av fondets nesten 40 milliardar US-dollar.[1]

Geografi[endre | endre wikiteksten]

Alaska er ein av to delstatar som ikkje har grense til ein annan delstat. Hawaii er den andre. Mellom Alaska og Staten Washington er det 800 kilometer canadisk territorium. Alaska er og den einaste delstaten der majoriteten av innbyggarane må gjennom eit anna land for å komme til delstatshovudstaden, Juneau. Den einaste bilvegen til Juneau går via ei ferje til Canada. Det er 1500 kilometer mellom Juneau og Anchorage.

Alaska er den største delstaten i USA, med eit areal på 1 477 261 kvadratkilometer, og har den lengste kystlinja av alle statane.

Staten blir ofte delt opp i dei følgjande regionane:

  • South Central Alaska er den sørlege kystregionen i staten, og mesteparten av folket bur der. Her ligg Anchorage, den største byen i staten, men også småbyar som Palmer og Wasilla. Økonomien i regionen bygger i stor grad på olje, transport, turisme og to militærbasar.
  • Alaska Panhandle ligg i søraust med hovudstaden Juneau. I regionen er det mange mindre byar, isbrear og store skogar. Turisme, skogbruk og fiske er dei viktigaste næringane.
  • I Alaska Interior, det indre av Alaska ligg Fairbanks. Gjennom denne regionen renn fleire store elvar, som Yukonselvaog Kuskokwimelva. Det er og store tundraområde i regionen.
  • Alaskan Bush er den mest aude delen av staten. Regionen består av 380 busetnader der det for det meste bur urfolk. Det er nokre få mindre byar som Nome, Bethel, Kotzebue og Barrow. Barrow er den nordlegaste byen i USA.

Alaska har ei kystlinje inkludert øyer på 54 700 kilometer. Øygruppa vest for Alaska heiter Aleutane. Dette området har mange aktive vulkanar, til dømes Mount Shiskaldin som ragar 3042 meter over havet. Vulkankjeda strekkjer seg heilt til Mount Spurr vest for Anchorage på fastlandet.

Den største skilnaden på flo og fjære finst rett sør for Anchorage. Skilnaden kan vere meir enn ti meter. I Alaska er det meir enn 3,5 millionar sjøar over 80 dekar. Myrar og våtmark dekker 487 747 kvadratkilometer først og fremst i dei nordlege, vestre og sørvestre delane av staten. Beringisbreen nær den sørvestre grensa mot Yukon dekker 5827 kvadratkilometer.

Alaska er den vestlegaste og nordlegaste delstaten i USA. Underleg nok og den austlegaste, fordi nokre av øyane i Aleutane er på andre sida av den 180° lengdegraden. Sjølve datolinja svingar likevel rundt desse øyane slik at heile Alaska har same dato.

Då Alaska vart tatt opp som stat i 1949 var nesten alt land i staten eigd av dei føderale styresmaktene. Det er ein prosess i gang for å overføre land til private, delstaten og urfolk. Når denne prosessen er omme vil 42 prosent av landarealet ha skifta eigar. [2]

Administrativ inndeling[endre | endre wikiteksten]

Alaska er delt opp i 16 Borough, ikkje county som i resten av USA. I tillegg finst det fleire folketellingsområde. Desse dekker landområde der det bur folk, men som ikkje er med i eit borough.

Boroughs[endre | endre wikiteksten]

Folketellingsområde[endre | endre wikiteksten]

Nasjonalparkar[endre | endre wikiteksten]

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. http://www.apfc.org/ Alaska Permanent Fund Corporation
  2. «Bureau of Land Management». Henta 2. januar 2008. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons har multimedium som gjeld: Alaska