Alaskahalvøya

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Alaskahalvøya
halvøy
Land  USA
Kart
Alaskahalvøya
56°30′N 158°45′W / 56.5°N 158.75°W / 56.5; -158.75
Wikimedia Commons: Alaska Peninsula

Alaskahalvøya er ei halvøy i Alaska i Nord-Amerika som strekkjer seg rundt 800 km ut frå fastlandet i ein sørvestkeg retning. Endepunktet er øybogen danna av Aleutane. Halvøya skil Stillehavet frå Bristol Bay, eit randhav av Beringhavet.

Omgrepet «Alaskahalvøya» har også vore brukt om heile den nordvestlege utløparen av det nordamerikanske kontinentet, eller om heile Alaska bortsett frå den søraustlege delen og øyane, særleg i russisk litteratur. Halvøya har gjeve namnet til fylket Lake and Peninsula, som dekkjer noko av dette området.

Geografi[endre | endre wikiteksten]

Kart over vulkanar på Alaskahalvøya.
Sørsida av vulkanen Fourpeaked.
Kløft i Valley of 10,000 Smokes.

Aleutarfjella er ei særs aktiv vulkansk fjellkjede som strekkjer seg langs heile halvøya. Her finst ei rekkje naturreservat, som Katmai National Park and Preserve, Aniakchak National Monument and Preserve, Becharof National Wildlife Refuge, Alaska Peninsula National Wildlife Refuge og Izembek National Wildlife Refuge.

Den sørlege sida av Alaskahalvøya er fjellendt ettersom ho er danna av orogenese der Stillehavsplata går inn under Den nordamerikanske plata. Den nordlege sida er flatare og myrlendt etter langvarig seismisk stabilitet og erosjon. På liknande vis er kysten svært ulik på dei to sidene. Den nordlege kysten mot Bristol Bay er hovudsakleg mudrete og grunn med ekstreme tidvassforskjellar, medan stillehavskysten er djup og klar med mindre tidvassaktivitet.

Klima[endre | endre wikiteksten]

Årleg gjennomsnittleg nedbørsmengd ligg mellom 610 og 1650 mm. Kystområde kan ha valdsame stormar og uvêr med vind og regn. Gjennomsnittlege vintertemperaturar ligg mellom −11°C og 1°C, medan sommartemperaturane ligg mellom 6°C og 15°. Det kan førekomma frost gjennom heile året i høgareliggjande område.[1][2] Klimaet kan samanliknast med det på Aleutane, Island og Eldlandet.

Natur[endre | endre wikiteksten]

Gytande raudlaks i Becharof-elva.

På Alaskahalvøya finst nokre av dei største bestandane av innfødd vilt dyreliv i USA. I tillegg til berømte bestandar av grizzlybjørn ved McNeil-elva og i Katmai finst her karibu (villrein), elg, ulv og ei rekkje fuglar. Bjørnane rundt Bristol Bay er så talrike fordi dei lever på raudlaks (Oncorhynchus nerka) som vandrar til dei mange sjøane på halvøya. Lakseyngelen overvintrer i dei djupe, næringsrike sjøane før dei sym tilbake til havet etter eitt eller to år. Langs kysten finst særs store sjøfuglkoloniar.[2]

Folkesetnad og administrative område[endre | endre wikiteksten]

Landsbyen Chignik om sommaren.

På halvøya ligg landsbyar som Cold Bay, King Cove, Perryville, Chignik, Chignik Lake, Chignik Lagoon og Port Moller. Sand Point ligg like frå halvøya, på Popof-øya. Dei fleste innbyggjarane er urfolk, og fiske er den viktigaste næringsvegen.

Størstedelen av halvøya høyrer til Lake and Peninsula Borough. Dei tre andre administrative områda er Aleutians East Borough, Bristol Bay Borough og Kodiak Island Borough.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Chapter 7-Ecological Subregions of the United States». Fs.fed.us. Henta 18. juni 2013. 
  2. 2,0 2,1 «Encyclopedia of Earth». Eoearth.org. Henta 18. juni 2013.