Albanostein

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Ei blokk med peperinostein frå romartida

Albanostein er ein lys tuffbergart frå Albanarfjella i Italia.

Romarane nytta steinen, som dei kalla lapis albanus, som byggestein i fleire praktbygningar og til fontener. Ein varietet av steinen kalla dei peperino. Denne steinen kan vera brun eller grå. Han inneheld fragment av basalt og kalkstein, med spreidde krystallar av augitt, mika, magnetitt, leucitt og andre liknande mineral. Namnet peperino viser til dei mørke prikkane til nokre av minerala, som kan minna om peparkorn.

Galleri[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

«Albanostein» i Store norske leksikon, snl.no.