Albatross av Fleetwood Mac

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Albatross
Singel av Fleetwood Mac
B-side

«Jigsaw Puzzle Blues»

Utgjeve 22. november 1968
Innspelt Oktober 1968
Sjanger Bluesrock, instrumental rock
Lengd 3:07
Selskap Blue Horizon
BH 57-3145[1]
Komponist Peter Green
Låtskrivar(ar) Peter Green[1]
Produsent Mike Vernon[1]
Fleetwood Mac-kronologi 
«Need Your Love So Bad»
(1968)
Albatross «Man of the World»
(1969 UK)

«Oh Well»
(1969 USA)


«Albatross» er ein gitarbasert instrumental av Fleetwood Mac, komponert av Peter Green.[1] Stykket var gjeve ut som singel i november 1968 og seinare på samlealbuma The Pious Bird of Good Omen (Storbritannia) og English Rose (USA). Det vart ein stor hit i mange land, og vart den einaste singelen til Fleetwood Mac som nådde toppen av den britiske singellista, der han låg i ei veke. Singelen vart gjeven ut på ny i Storbritannia i 1973, og songen nådde då andreplassen på lista. Singelen selde over 900 000 eksemplar i Storbritannia.

Komposisjon[endre | endre wikiteksten]

Santo & Johnny sin Sleepwalk (1959) inspirerte Peter Green då han skreiv instrumentalen «Albatross».[2] Komposisjonen og arrangementet gjev eit avslappa og maritimt bilete, med cymbalar som imiterer lyden av bølgjer (spelt av Mick Fleetwood ved hjelp av paukeklubber) og ein draumeaktig solo av gitaren til Green. Han består av fire akkordar, E, Emaj7, A og F#m, spelt av Green på hans Fender Stratocaster.

Green hadde arbeidd ei stund med stykket før han henta inn den 18 år gamle gitaristen Danny Kirwan i bandet. Slidegitarist Jeremy Spencer ønskte sjeldan å arbeide med Green, som følte han trengde ein ekstra gitar. Med Kirwan på laget, skreiv Green ferdig stykket og spelte det inn berre to månader etter Kirwan kom inn i bandet, utan at Spencer var til stades.[3] Sjølv om han ikkje var med på innspelinga kan ein sjå Spencer mime til Green sine slidegitarparti i ein video av sognen. Den instrumentale «Jigsaw Puzzle Blues», skriven av Kirwan, vart gjeve ut som B-sida til singelen i dei felste land. «Albatross» har sidan blitt gjeve ut som singel i forskjellige land med mange forskjellige B-sider.

Denne komposisjonen er ein av berre få spor av den originale besetnigna til Fleetwood Mac som er med på seinare samlealbum. Mange av samlealbuma deira fokuserer på 1970- og 1980-åra. Somme komposisjonar frå denne perioden er blitt klassiske innspelingar for andre artistar, som til dømes «Black Magic Woman» med Santana. «Albatross» er den einaste Fleetwood Mac-songen som skal ha inspirert ein Beatles-song, «Sun King» frå Abbey Road i 1969.[2]

Ein av dei første gongane songen vart brukt i ein film, var til Rainer Werner Fassbinder-filmen Welt am Draht. Han vart nytta (i lag med «Jigsaw Puzzle Blues») i filmen Rock 'n' Roll High School i 1979. Han vart òg nytta som kjenningsmelodi til eit reiseprogram på BBC som gjekk over lang tid i 1970-åra.

Stykket vart nytta som bakgrunnsmusikk til ein reklamekampanje for Marks & Spencer i 2005. I mars det same året sette magasinet Q songen på 37. plassen på lista si over dei 100 beste gitarsongane gjennom tidene.

Utanom Welt am Draht kan ein høyre songen i filmen Man on WirePhilippe Petit gjekk på line mellom Tvilligtårna i World Trade Center i New York.

Det markante slidegitar-motivet er eit tema som går att på The KLF-albumet Chill Out frå 1990.

Melodien vart spelt inn av det tyske musikkprosjektet B-Tribe på albumet Suave Suave i 1995.

Melodien inspirerte mange gitaristar på denne tida, og eit tydeleg døme er spelestilen til David Gilmour i Pink Floyd, som fleire gonger har fortalt at han var inspirert av stilen til Green, og framførte «Albatross» på Jools Holland sitt BBC Radio 2-show den 10. november 2008.

Lister[endre | endre wikiteksten]

  • Storbritannia - 1. plass[4]
  • Nederland - 2. plass
  • Noreg - 2. plass
  • Sverige - 4. plass
  • Sveits - 4. plass
  • Irland - 5. plass
  • Australia - 11. plass[5]
  • Canada - 45. plass
  • USA - 104. plass

Medverkande[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 1,2 1,3 Rice, Jo (1982). The Guinness Book of 500 Number One Hits (1st utg.). Enfield, Middlesex: Guinness Superlatives Ltd. s. 123. ISBN 0-85112-250-7. 
  2. 2,0 2,1 Rooksby, Rikky (2004). Fleetwood Mac: The Complete Guide to Their Music. Omnibus Press. s. 17. ISBN 1-844494-27-6. 
  3. The Vaudeville Years (CD booklet notes). Fleetwood Mac. Receiver Records. 1998. 
  4. Roberts, David (2006). British Hit Singles & Album (19th utg.). London: Guinness World Records Limited. s. 228. ISBN 1-904994-10-5. 
  5. «Go-Set Australian charts - 23 April 1969». Poparchives.com.au. 23. april 1969. Arkivert frå originalen 25. februar 2021. Henta 7. april 2014.