Albedo

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Albedo er forholdet mellom mengda av reflektert ljos og innfallande ljos til eit objekt som ikkje sjølv lyser (t.d. planet, asteroide o.l.). Er denne verdien lik 1, reflekterast alt innfallande ljos, mens verdi 0 viser ein perfekt absorberande (svart) overflate. Albedo, diameter og avstand til objektet gir til saman objektets visuelle ljosstyrke.

Nokre typiske verdiar:

Jordalbedo[endre | endre wikiteksten]

Albedo for stoff som finst på jordoverflata og i atmosfæren varierer frå 90 % for nysnø til rundt 4 % for trekol, eit av dei mørkaste stoffa me har. Eit unntak er djupe holer med skugge der den effektive albedoen er lik null (svart lekam). Sett frå avstand har ei havflate og dei fleste skogar låg albedo, medan ørkenområde har høg albedo. Dei fleste landområde har ein albedo mellom 10 og 40 %. Den midla albedoen til Jorda er om lag 30 %. Dette er mykje høgare enn for havoverflater, og kjem av at skyene medverkar ein god del.

Menneskeleg aktivitet har endra albedoen (skoghogging og jordbruk) forskjellige stader på Jorda. Men det er vanskeleg å måle effekten av dette på global skala, og om den lokalt endra albedoen har påverka den globale oppvarminga. Viss eit snødekt område vert oppvarma og snøen smeltar, så aukar albedoen og meir sollys vert absorbert. Dette fører så til at temperaturen aukar. Visst det snør vil det oppstå ein auka avkjøling fordi meir solinnstråling vert reflektert.

Døme på effekten av endra albedo[endre | endre wikiteksten]

Tropane[endre | endre wikiteksten]

Sjølv om effekten av endra albedo er mest kjend i kaldare område på Jorda, fordi det fell snø her, er den faktisk størst i tropiske område fordi sollyset skin meir jamt her gjennom året. Når brasilianarar høgg ned den mørke, tropiske regnskogen og erstattar han med enno mørkare jord for å dyrke avlingar, stig den midla årlege temperaturen i området med om lag 3 °C, som er svært mykje.

Småskala effekt[endre | endre wikiteksten]

Albedo fungerer på små område òg. Folk som går med mørke klede om sommaren har større sjans for å få heteslag enn dei som går med kvite klede.

Ulike flater[endre | endre wikiteksten]

Albedoen til eit landskap dekt av furuskog på om lag 45ºN om vinteren er om lag 9 %. Det er om lag den lågaste albedoen ein finn på land. Dette kjem delvis av den mørke fargen til furutre, og delvis fordi lyset vert spreidd nedover i trea. Sidan lyset trenger ned i havet er albedoen til havoverflata enno mindre, om lag 3,5 %, men denne endrar seg med innfallsvinkelen til sollyset. Når sola står lågt på himmelen reflekterer havoverflata mykje meir sollys. Tette sumpområde har ein albedo mellom 9 og 14 %. Lauvskogar har ein albedo på om lag 13 %. Ei grasflate har om lag 20 %. Albedoen til eit udyrka jorde vil vere avhengig av fargen til jordet og kan variere frå 5 % til 40 %, medan 15 % er gjennomsnittet til dyrka mark. Ein ørken eller store strender er vanlegvis rundt 25 %, men varierer òg med fargen til sanden.

Urbane område[endre | endre wikiteksten]

Urbane område har unaturlege albedoverdiar på grunn av dei kunstige strukturane som absorberer lys før lyset når bakken. I nordlege delar av verda er byane relativt mørke og har ein midla albedo på om lag 7 %. I tropiske byar er albedoen rundt 12 %, og om lag dei same verdiane finn ein i forstadsområde nær nordlege byar. Noko av årsaka til denne skilnaden er at dei naturlege omgivnadane som byane er bygd i, og at byggingsmateriala ofte er forskjellige. Folk i varmare område vel ofte i tillegg lyse materiale for at bygningane skal halde seg kjøligare.

Tre[endre | endre wikiteksten]

Fordi tre har låg albedo, vil ein ofte auke albedoen i eit område ved å hogge dei ned, og dermed kjøle ned Jorda. Skypådrag gjer dette derimot meir komplisert. I område som får snø om vinteren er albedoen til område utan tre 10 til 50 % høgare enn skogområde fordi snøen ikkje dekker trea like bra. Studiar har vist at å plante nye skogar i tropiske og mellomliggande breidder har ein viss avkjølingseffekt, medan nye skogar på høge breidder (t.d. Sibir) ikkje har nokon effekt eller kanskje ei viss oppvarming.

Snø[endre | endre wikiteksten]

Albedoen til snø kan bli så stor som 90 % for nysnø. Over Antarktis er den midla albedoen litt over 80 %. Visst eit snødekt område smeltar, vil albedoen bli lågare og dette aukar snøsmeltinga (positiv tilbakekopling). Dette er årsaka til at global oppvarming kan auke temperaturen ytterlegare i polare og andre snødekte område.

Skyer[endre | endre wikiteksten]

Skyer er ei kjelde til auka albedo og spelar ei svært viktig rolle i global oppvarming. Forskjellige skytypar har derimot forskjellige albedo, og i teorien kan verdiane variere mellom nesten 0 % til opp mot 70 %.

Albedo og klimaet i enkelte område er allereie påverka av kunstige skyer, slik som skyer danna av kondensstriper frå flytrafikk eller skipsspor. Eit studie etter terrorangrepa i USA 11. september 2001, då flytrafikken stod stille i tre dagar, viste at den lokale daglege temperaturvariasjonen auka med 1 °C. Dette kan derimot ha vore ein naturleg variasjon på grunn av vêret.

Aerosoleffektar[endre | endre wikiteksten]

Aerosolar (små partiklar og dropar i atmosfæren) har to effektar, ein direkte og ein indirekte. Den direkte albedoeffekten er at dei kjøler ned Jorda. Den indirekte effekten er at partiklane virkar som kondensasjonskjerner for skyer og dermed endrar skyeigenskapane. Denne effekten er derimot meir usikker.