Alberschwende

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Martinkyrkja i Alberschwende

Alberschwende er ein kommune i Bregenzerwald i forbundslandet Vorarlberg i Austerrike. Kommunen, som høyrer til distriktet Bregenz, dekker eit areal på 21,1 km² og hadde kring 3 200 ibuarar i 2016. Landsbyen Alberschwende ligg 721 meter over havet, ca. 10 kilometers biltur søraust for distriktshovudstaden Bregenz.

Landbruket spelar ei viktig rolle i Alberschwende. Heile 54 % av landarealet i kommunen vert nytta til landbruk, 38 % av flatevidda er dekt med skog.

Hermann Gmeiner, grunnleggjaren av SOS-barnebyar, var frå Alberschwende.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]