Albert Joleik

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Albert Joleik
Albert Joleik.jpg
Fødd 14. mars 1880
Død

30. april 1968

Yrke språkforskar, redaktør

Albert Joleik (14. mars 188030. april 1968) var ein norsk bladmann, målmann og lokalhistorikar. Han vart fødd som Albert Sigvard Andersen den 14. mars 1880 i Flora i Sunnfjord i noverande Sogn og Fjordane fylke. I 1905 fekk han namnet Albert Joleik offentleg godkjend.

Joleik tok universitetseksamen i geografi, naturfag, norsk og tysk. Han fullførte examen artium 16 år og 3 måndar gamal i 1896, som den yngste nokonsinne. I 1901 var han den fyrste studenten til å levera embetseksamen på landsmål (nynorsk).

Joleik var bladmann (journalist), lokalhistorikar og målmann. Han budde i Bergen og på Kleppstølen i Naustdal kommune, der han hadde gard. Mellom 1905 og 1908 var han offiser i Belgisk Kongo.

Frå 1921 vart Joleik statsstipendiat. I tida før den andre verdskrigen var han redaktør for ymse aviser. Her kan nemnast Spegjelen i Trondheim, Gula Tidend og sitt eige blad Fjordaposten i Bergen fram til 9. april 1940.

Joleik skreiv ei rik framstilling av historia til bygdene i Sunnfjord. Mellom anna Soga um Jølst fram til 1801 og litevetta um Breim (1967) om Jølster og Sunnfjordsoga fram til 1801 (1959). Joleik var ein kjend radiokåsør og festtalar.

Bibliografi[endre | endre wikiteksten]

Bøker[endre | endre wikiteksten]

  • 1925 – Soga um Torgjils Errabeinstjup, eller Floamanna saga (Bergen: Fjordaposten) I fulltekst ved nb.no  [Omsetjar: Albert Joleik]
  • 1979 – Sunnfjordingen og haugianaren Anders Haave (Førde: P.T.K.)
  • 1980 – Soga om Flora : før: Eikefjord, Florø, Kinn og Bru kommunar, no: Flora kommune. Soga fram til 1801 (Florø: Flora sogenmnd) I fulltekst ved nb.no

I tidsskrift - eit utval[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]