Albert Moeskau

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Albert Moeskau
Fødd 27. september 1864
Død

18. august 1929

Yrke politikar

Albert Theodor Alexius Moeskau (27. september 186418. august 1929) var ein norsk arbeidar og politikar, fødd i Stange i Hedmark, busett i Tune i Østfold.

Moeskau var son til ein husmann og seinare meieriarbeidar som budde i Stange og på Hamar. Sjølv reiste han til sjøs i 1882 og var sjømann dei neste sju åra. Han tok deretter til på meieriet («melkefabrikken») på Hamar, flytta så i 1891 til Tune der han arbeidde på eit meieri i Sannesund.

Moeskau var medlem av heradsstyret i Tune frå 1907, og var samstundes både åstads- og forlikskommisær. Åra 1904-08 var han formann i amtspartiet til Arbeidarpartiet. Valbolken 1913-15 var han vald inn på Stortinget for Arbeidarpartiet frå einmannskrinsen Tune. Det måtte ekstra val til, då det fyrste vart forkasta, men han vann begge avrøystingane. På Tinget var han medlem av Tollkomiteen.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]