Albert Mummery

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Albert Mummery

Albert Frederick Mummery (10. september 185524. august 1895) var ein britisk fjellklatrar kjend for sine spektakulære klatreturar i Alpane og i Himalaya.

Mummery var son til ein rik garverieigar i Dover. Allereie i unge år byrja han å klatre ruter som gjaldt som umoglege. 19 år gammal soloklatra han Whymper-rutaMatterhorn. På seinsommaren 1879 var han tilbake i Zermatt og klatra, saman med tre fjellførarar, til topps på Matterhorn over den såkalla Zmuttgrat. Få dagar seinare var han med på fyrstebestiginga av Dürrenhorn. 5. august 1881 kleiv Mummery og fjellførarane Alexander Burgener og Benedict Venetz til topps på Aiguille du Grépon.

Utover 1880-åra endra Mummery den britiske alpeklatringa, saman med kameratane William Cecil Slingsby og John Norman Collie, ved å utelate lokale fjellførarar. Mummery utvikla også det såkalla Mummery-teltet. I 1888 kleiv han og John Cockin, som dei fyrste menneska, til topps på storfjellet Dykh-Tau i Kaukasus.

Sommaren 1895 var Mummery på tur til Himalaya saman med landsmennene Collie og Geoffrey Hastings. Målet med reisa var å nå toppen av Nanga Parbat, ein av dei fjorten 8 000 moh høge fjelltoppane i fjellkjeda. Under rekognosering i fjellsida Rakhiot vart Mummery og to gurkhaer tekne av eit snøras. Lika vart aldri funne.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]