Albert Nordengen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Broom icon.png Denne artikkelen kan ha godt av ein språkvask, som reinskar opp målføringa og/eller innfører same språkstilen overalt.
Broom icon.svg Denne artikkelen kan ha godt av ei opprydding for å nå ein høgare standard og/eller for å verta i tråd med standardoppsettet. Sjå korleis du redigerer ei side og stilmanualen for hjelp.


Albert Nordengen
Albert Jørn utsnitt.jpg
Fødd 2. mai 1923

Våler

Død 18. desember 2004
Oslo
Parti Høgre

Albert Emil Nordengen (2. mai 192318. desember 2004) var ein norsk politikar som representerte Høgre. Han var mest kjent som ordførar i Oslo frå 1976 til 1990.

Oppvekst, utdanning, yrkeskarriere[endre | endre wikiteksten]

Albert Nordengen vart født og voks opp i Våler kommune i Østfold som ein av seks barn til betjent Karl Severin Nordengen og Elsebet Vigdal. Som 14-åring flytta han til Oslo, der han gjekk på Otto Treiders handelsskole, og seinare avla examen artium som privatist ved Grimelands skole. Han tok deretter Bankakademiet, og byrja i 1947 som assistent i Spareskillingbanken. Han vart banksjef i Spareskillingbanken i 1964.[1]

Politisk karriere[endre | endre wikiteksten]

Nordengen starta den politiske karrieren som medlem av Oslos bystyre i 1951. Seinare var han formann i Unge Høgres Landforbund (1953–54), gruppeleiar for Høgre i Oslos bystyre (1968) og kommunalråd for undervising og kultur (1972).

Før kommunevalet i 1975 stod han øvst på Høgres liste og var ordførarkandidaten til partiet. Partiet dreiv valkamp med sterkt fokus på Albert Nordengen og nytta ofte berre førenamnet Albert på valplakatar, noko som på den tida ikkje var vanleg. Han vart utnemnd til ordførar i 1976 og hadde verva til 1990. Han vart kjend som ein humørfylt og folkekjær ordførar, og vart gjerne omtalt som «Hele Oslos Albert».[2]

Som ordførar stod han i spissen for mange byutviklingstiltak i Oslo. Under hans tid vart blant anna T-banenettet i aust og vest knytte saman, E18 lagt i tunnel under sentrum, og Holmenkollen-anlegget pussa opp. Ei rekkje bygårdar i Oslo sentrum aust vart sanert, og det vart gjort nyutbygging, blant anna på Vaterland og Aker Brygge. Nordengen engasjerte seg sterkt for å få realisert Oslo Spektrum som i byrjinga ofte gjekk under namnet «Albert Hall».

Nordengen var oppteken av Oslos kulturliv, og var blant anna styreformann for Oslo Nye Teater 1986–90, for Oslo Konserthus 1979–87 og var ein periode òg styreleiar for Oslo Kinematografar og nestleiar i Nationaltheatrets styre.

5. februar 1986 gjekk Oslo kommune over til eit nytt styringssystem basert på parlamentariske prinsipp. Detta gjorde at byrådet og byrådleiaren overtok det meste av den politiske makta, og at ordføraren i større grad vart ein representasjonsfigur. Albert Nordengen var motstandar av denne ordninga.

Avgang[endre | endre wikiteksten]

Albert Nordengen gjekk av som ordførar 24. oktober 1990 etter sterkt politisk press. Delar av administrasjonen i Oslo kommune var skulda for korrupsjon og Granskingsutvalet til staten for Oslo leidde av jus-professor Eivind Smith la fram ein rapport som påtalte habilitetsproblem som òg gjekk på tilhøvet mellom Albert Nordengen og Andenæs-familien.[3]

I ettertid vart det konkludert med at Nordengen hadde vore inhabil i to saker, men han var ikkje knytt til nokon av sakene som gjaldt korrupsjon.

Utmerkingar[endre | endre wikiteksten]

I 1993 mottok Nordengen St. Hallvard-medaljen, og i oktober 2002 mottok han Kongens fortjenstmedalje i gull for aktive deltaking innan norsk politikk.[4] I 2003 vart han tildelt æresprisen «Bypatrioten» av Oslo Byes Vel. Han var æresmedlem i Oslo Høgre og æresborgar av Rotterdam.

Tjuvholmen i Oslo vart Albert Nordengens plass oppkalla etter han i 2007. Ved Kolstadgata på Tøyinga i Oslo står ei portrettbyste i bronse av Nordengen, utført av Nina Sundbye og avduka i år 2000.[5]

Familie og død[endre | endre wikiteksten]

Nordengens grav på Vestre gravlund i Oslo

Albert Nordengen gifta seg i 1952 med Inger («Bibi») Tandberg (1929–2006). Han var far til prest, forfattar og foredragshaldar Per Andreas Nordengen.

18. desember 2004 døydde han på Diakonhjemmets Sykehus utan å ha kome til medvit etter at han 9. desember fall om på grunn av ein akutt hjartesjukdom etter å ha halde eit foredrag for idrettsveteranar i Oslo.

Bøker[endre | endre wikiteksten]

  • Albert Nordengen / Lennart Hovland (1991). Fra mitt tårn, Aschehoug Forlag. ISBN 8203166563.
  • Albert Nordengen / Henning Jensen (1993). Oslo, min egen by, Damm forlag. ISBN 8251778506
  • Albert Nordengen (2003): Ikke bare smil. Fra husmannsplass til rampelys, Damm Forlag. ISBN 8249605616

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. Åre Christiansen
  2. Ol Mathismoen
  3. NTB
  4. «Tidligere mottakere av St. Hallvard-medaljen». Arkivert frå originalen 2014-01-10. 
  5. Oslo byleksikon