Albert Pintat

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Albert Pintat Santolària (fødd 23. juni 1943) er ein andorransk politikar og var statsminister i Andorra frå 30. mai 2005 til 3. juni 2009. Han er medlem av det liberale partiet Partit Liberal d'Andorra (Andorras liberale parti).

Pintat gjekk ut frå universitetet i Fribourg i Sveits i 1967 med ein grad i økonomi. Han var utanriksminister i Andorra frå 1997 til 2001 etter å ha vore ambassadør fleire stader, mellom anna i SN. Han vart statsminister etter at partiet hans fekk 41,2 % av røystene og 14 av 28 mandat i nasjonalforsamlinga ved valet 24. april 2005.

Spire Denne samfunnsartikkelen som har med Andorra å gjere er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.