Albert Sjesternjov

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Albert Sjesternjov


Verkeleg namn Альберт Алексеевич Шестернёв
Statsborgarskap Sovjetunionen
Fødd 20. juni 1941
Moskva
Død

5. november 1994 (53 år)
Moskva

Idrett fotball
Tok del i

VM i fotball 1970, VM i fotball 1966, VM i fotball 1962, EM i fotball 1964, EM i fotball 1968

Utmerkingar

Idrettens mester i Sovjetunionen

Albert Aleksejevitsj Sjesternjov (20. juni 19415. november 1994) var ein russisk fotballspelar frå Moskva som spelte på CSKA Moskva og Sovjetunionen. Han vert gjerne rekna som den aller beste forsvarsspelaren i den sovjetiske fotballsoga. Sjesternjov spelte 90 landskampar for Sovjetunionen, mellom dei finalen i europameisterskapen 1964. I 1970 vart han kåra til årets spelar i sovjetisk fotball.

Karriere[endre | endre wikiteksten]

Klubbspel[endre | endre wikiteksten]

Sjesternjov spelte på CSKA Moskva frå 1959 til han la opp i 1972. Han var kaptein på laget frå han var 21 år gammal. I 1970 var han sentral då CSKA vann den sovjetiske seriemeisterskapen for fyrste gong på 20 år. CSKA Moskva og Dynamo Moskva endå då à poeng og måtte avgjere meisterskapen gjennom omkamp, då den fyrste enda 0-0 måtte ein ut ein til, den andre enda med 4-3 til CSKA etter ekstraomgangar.

Landslagsspel[endre | endre wikiteksten]

Sjesternjov landslagsdebuterte i oktober 1961, men måtte vente i to år før han fekk landskamp nummer to. Under fotball-EM 1964 var han med å slå Danmark 3-0 i semifinalen og deretter tape 0-2 mot Spania i finalen. Frå april 1966 var han kaptein på det sovjetiske landslaget til han la opp, i alt var han kaptein i 67 landskampar. Han deltok i Fotball-VM 1966, der Sovjetunionen tapte semifinalen mot Vest-Tyskland 1-2. To år seinare enda EM-semifinalen mot vertslandet Italia 0-0 etter ekstraomgangar, før Sovjetunionen tapte finaleplassen ved myntkast. I VM 1970 rauk Sovjetunionen ut or turneringa etter kvartfinaletap 0-1 mot Uruguay. Den 27. oktober 1971 spelte Sjesternjov sin 90. og siste landskamp, ein EM-kvalifiseringskamp mellom Spania og Sovjetunionen i Sevilla som endå mållaus, nett liksom Sjesternjov i heile hans landslagstid.

Merittar[endre | endre wikiteksten]

  • EM-sølv: 1964 for Sovjetunionen
  • VM-firar: 1966 for Sovjetunionen
  • EM-firar: 1968 for Sovjetunionen
  • Sovjetisk seriemeister: 1970 med CSKA Moskva

Sjestjernjov var alkoholikar og døydde av skrumplever.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]