Hopp til innhald

Alberte Bekkhus

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Alberte Bekkhus

Fødd19. september 1999 (26 år)
Moss kommune
Statsborgar avNoreg
PartiRaudt
Yrkepolitikar, aktivist
MedlemOpprop for inkluderende kvinnekamp
VervLeiar i Raud Ungdom 2020
FøregangarTobias Drevland Lund
Alle verv
  • leder i Rød Ungdom (20202023) Sjå dette på Wikidata

Alberte Tennøe Bekkhus (fødd 19. september 1999) er ein norsk ungdomspolitikar som i 2020 blei vald til leiar for Raud Ungdom (RU).[1] Før ho blei leiar i Raud Ungdom var Bekkhus høvesvis studieansvarleg og feministisk ansvarleg i ungdomspartiet.

Bekkhus er oppvaksen i Moss i Østfold der ho har vore aktiv i lokalpolitikken, som leiar i Moss Raud Ungdom og Moss Natur og Ungdom.

Bekkhus var medansvarleg for haldningskampanjen til Raud Ungdom i 2019, «Feministruss». Kampanjen hadde som mål å mobilisere mot kvinnefiendslege haldningar, ritual og generell ukultur under russefeiringa.[2]

I 2016 deltok Bekkhus saman med andre aksjonistar frå Natur og Ungdom og Raud Ungdom i ein sivil ulydnadsaksjon i Førdefjorden, der målet var å forhindre industriføretaket Nordic Mining i å prøvebore etter rutil og deretter dumpe gruveslam i eit sjødeponi.[3] Som RU-leiar har ho markert seg med tydeleg støtte til LHBT-rettar, og gått ut mot transfobi.[4] Vidare har ho vore tydeleg mot NATO og for styrking av norsk forsvar,[5] for rettferdig pensjon,[6] for køyreopplæring som valfag,[7] for rusreform[8] og for havvindkraft og anna klimapolitikk.[9]

  1. Nøttveit, Andrea Rygg (2020-03-19). «Alberte (20) vart vald til ny leiar i Raud Ungdom via nettavstemming». Framtida. Henta 2021-03-14. «Raud Ungdom skulle eigentleg ha landsmøte der dei skulle velje ny leiing denne veka. I staden for å utsetje valde dei å stemme fram den nye leiaren via nett tysdag 17. mars. Alberte Bekkhus frå Moss har sitte i sentralstyret sidan 2018, der ho mellom anna har vore feministisk ansvarleg. Ho tek over etter Tobias Drevland Lund, som har sitte som leiar sidan 2018.»
  2. Andresen, Frode (2019-04-06). «Alberte (19): – Helt sykt». Dagbladet (på norsk). Henta 2021-03-14. «Alberte Bekkhus i Rød Ungdom forteller at 1100 personer har skrevet under på holdningskampanjen «Feministruss».»
  3. Snilsberg, Torgeir (2017-10-19). «Alberte rørt av støtten etter aksjonistdommen». Moss Avis (på norsk). Henta 2021-03-14. «Den nå 18 år gamle kvinnen ble dømt til å betale et forelegg på 10.000 kroner, samt 1000 kroner i saksomkostninger, etter at hun i februar i 2016 prøvde å hindre Nordic Mining i å prøvebore etter rutil for senere å dumpe inntil 300 millioner tonn gruveslam i et sjødeponi i Førdefjorden.»
  4. Bekkhus, Alberte T. (2021-02-04). «Kronikk: Transfobi hindrer kvinnekampen». VG (på norsk). Henta 2021-03-14. «Dersom kvinnebevegelsen lar døra stå åpen for transfober i feministforkledning, på bekostning av transkvinner, er det å motarbeide egen sak. Det er å gjøre livet farligere for transpersoner, det er å snevre inn de allerede trange kjønnsnormene og det er å fremmedgjøre og å utestenge feministiske aktivister. Man kan ikke kalle seg feminist dersom man er transekskluderende. Feminisme betyr likestilling og frigjøring for alle.»
  5. Revheim-Rafaelsen, Mathias (2022-03-01). «Vil bruke mer penger på forsvar og beredskap». Journalen (på norsk). Henta 2022-07-15. «Rød Ungdom mener at Norge på sikt må trekke seg ut av Nato. Bekkhus understreker likevel at det er en diskusjon som ikke er aktuell å ta nå, med situasjonen verden står i.»
  6. Bekkhus, Alberte (2022-06-17). ««Vi treng eit ungt pensjonsopprør!»». Framtida. Henta 2022-07-15. «Det er kanskje ikkje overraskande at dette er konklusjonane frå eit utval beståande av professorar, direktørar og andre frå «fiffen» – men det er ikkje mindre alvorleg av den grunn. Etter eit langt liv i arbeid, er det minste vi kan krevja ein leveleg pensjon og at vi skal få gå av før kroppane våre går kaputt. Det kostar pengar – men det er noko det er verdt å bruka pengar på.»
  7. Hütt, Maren Olava Ask (2022-06-10). «Vil ha lappen som valgfag». VG (på norsk). Henta 2022-07-15. «Leder i Rød Ungdom, Alberte Bekkhus (22) tror kostnaden av å få kjøreopplæringen inn i skolen vil være verdt det.»
  8. Svenneby, Ola; Hoem, Astrid Willa Eide; Hansmark, Sondre; Brännström, Andreas; Snyen, Synnøve Kronen; Holtvedt, Hulda; Bekkhus, Alberte T.; Tande, Mikkel Ihle (2021-03-16). «Århundrets feilinvestering». NRK (på norsk). Henta 2023-03-22. «Å straffe rusavhengige har vært et gigantisk feilgrep. Rusreformen vil gjøre det enklere å forebygge problemene.» {{cite web}}: Check |fornavn2= value (hjelp); Check |fornavn3= value (hjelp); Check |fornavn4= value (hjelp); Check |fornavn5= value (hjelp); Check |fornavn6= value (hjelp); Check |fornavn= value (hjelp)
  9. Thommessen, Julia Kirsebom; Lydersen, Trond (2021-03-06). «Rødt fjerner sluttdato for norsk oljeproduksjon». NRK (på norsk). Henta 2022-07-15. «Rød Ungdoms (RU) leder Alberte Bekkhus er svært skuffet over at moderpartiet nå sier nei til havvind de neste fire årene, og at de går bort fra å sette en sluttdato for norsk oljeproduksjon.»