Albertinerifta

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Albertine-rifta)
Albertinerifta
riftdal
Grafisk visualisering av Albertinerifta. Her oppstår det vekselvis høge fjell og djupe innsjøar. Her kan ein sjå (bakfrå og framover) Albertsjøen, Ruwenzorifjella, Edvardsjøen, Virungafjella, Kivusjøen og Tanganyikasjøen.
Kart
Albertinerifta
1°05′13″S 29°20′36″E / 1.086992°S 29.343436°E / -1.086992; 29.343436

Albertinerifta utgjer den vestlege greina av Den austafrikanske riftdalen, som igjen dannar den austlege greina av Riftdalen. Ho strekkjer seg frå Albertsjøen (nordlegaste delen) i sør til Tanganyikasjøen (sørlegaste delen) i nord, og ein reknar både dalen og dei omliggande fjella til å vera med i regionen. Albertinerifta husar fleire artar enn nokon annan del av Afrika. Det er registrert 125 endemiske arter i regionen, mellom anna fjellgorilla og gullape. Ein stor del av desse høyrar heime i tåkeskogar, som ein blant anna kan finna i Ruwenzorifjella, Bwindiskogane, Virungafjella, Nyungweskogen, Kahuzifjellet og Itombwefjella.[1]

Kart over regionen med Albertinerifta i vest

Albertinerifta og fjella rundt er danna av jordskorperørsler som sakte skil den somaliske plata frå resten av det afrikanske kontinentet.

Området dekker fleire unike og viktige økoregionar. Ifølgje WWF si inndeling er fjellskogen i Albertinerifta, Rwenzori-Virunga-lyngheiene og dessutan skog-savannemosaikken i Victoriabassenget heilt eller delvis innanfor Albertinerifa.[2]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Owiunji, I.; Plumptre, A.J. (2011). «The importance of cloud forest sites in the conservation of endemic and threatened species of the Albertine Rift». Tropical Montane Cloud Forests: Science for Conservation and Management. Cambridge University Press. ISBN 0521760356. 
  2. Burgess, Neil; Hales, Jennifer; Underwood, E.; Dinerstein, Eric; Olson, David; Itoua, I.; Schipper, Jan; Rickketts, T.; Newman, K. «Terrestrial eco-regions of Africa and Madagascar: A conservation assessment». World Wildlife Fund (United States).