Alberto Cova

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Alberto Cova
Alberto Cova.jpg
Fødd 1. desember 1958
Inverigo
Yrke politikar, langdistanseløpar, friidrettsutøvar
Alberto Cova på Commons

Alberto Cova (fødd 1. desember 1958) er ein italiensk tidlegare friidrettsutøvar frå Inverigo i Como-provinsen. Han vart både europmeister (to gongar), verdsmeister og olympisk meister på 10 000 meter i tida 1982-86.

Aktiv[endre | endre wikiteksten]

Langdistanseløparen Cova vart kjend for sine spurteigenskapar. Under friidretts-EM 1982 i Aten overraska han stort då han vann over Werner Schildhauer frå DDR. Året etter var det klart for den fyrste verdsmeisterskapen i friidrett i finske Helsingfors, der Cova var ein av dei fremste medaljekandidatane. 10000-meteren gjekk lenge føre seg i eit roleg tempo, og då klokka ringde for siste runde var heile 13 løparar med i tetfeltet. 30 meter før mål låg Cova på femteplass, men på dei siste meterane sprang han seg forbi alle, og atter viste han Schildhauer til andreplassen.

Milløpet under Sommar-OL 1984 i Los Angeles gjekk lenge i eit endå rolegare tempo enn løpet i Helsingfors. Fyrst etter kring 7000 meter auka finske Martti Vainio farta, og einast Cova makta å halde fylgje. Vainio greidde ikkje å halde tempo heilt til mål, så på sisterunda tok Cova seg rimeleg enkelt forbi til OL-gull. Vainio vart elles i ettertid frådømt sølvmedalja, grunna doping.

Under EM i friidrett 1986 i Stuttgart vart Cova teken att og passert på sisterunda på 10000-meterløpet, og det av sin eigen landsmann Stefano Mei. På 5000 meteren enda Cova som nummer åtte. Han deltok på 10000 meter under sommarleikane i Seoul i 1988, der vart han slått ut i kvalfiseringsa.

Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]