Albertsjøen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Albertsjøen
innsjø
Utløp Den kvite Nilen
Nedslagsfelt 416 661 km²
Høgd over havet 615 moh.
Lengd 160 km
Breidd 30 km
Areal 5 527 km²
Volum 139 km³
Kart
Albertsjøen
1°41′00″N 30°55′00″E / 1.6833333333333°N 30.916666666667°E / 1.6833333333333; 30.916666666667
Wikimedia Commons: Lake Albert (Uganda)

Albertsjøen eller Mwitanzige, også kjend som Albert Nyanza, er ein av dei store sjøane i Afrika. Sjøen ligg 615 moh. og har eit areal på 5 527 km². Han dannar grensa mellom Uganda og Den demokratiske republikken Kongo.

Sjøen er den sjuande største i Afrika og den nest største i Uganda.[1]

Dei to største elvene som renn inn i sjøen er Den kvite Nilen og Semliki (Semuliki).

Skildring[endre | endre wikiteksten]

Til skilnad frå dei svært djupe sjøene Malawi, Tanganyika og Kivu er vasstemperaturen i heile Albertsjøen relativt stabil, typisk rundt 27-29 °C, og inneheld oksygen til og med i djupare delar.[2]

Ved sørenden av sjøen, der Semliki renn inn, er det myrområde. Rwenzorifjella ligg sør for sjøen og Monts Bleus (Blue Mountains) i Kongo i nordvest. Det finst få busetnadar ved sjøen, to av dei er Butiaba og Pakwach.

Albertsjøen huser mange vasslevande og delvis vasslevande dyr som flodhest, ugandisk kob-antilope, nilkrokodille, nilvaran, afrikansk lêrskjelpadde, Pelomedusidae-skjelpaddenen Pelusios chapini og Pelusios williamsi og ulike slangar og froskar.[2] Det finst fleire vassfuglar her som pelikanar, hegrar og den sjeldne treskonebben.[3] Det finst 55 fiskeslag i sjøen.[4]

Historie[endre | endre wikiteksten]

Albertsjøen var kjend som Mwitanzige ('grashoppedreparen') av nyoro- og torofolk og av andre opphavlege innbyggjarar. Dette kom av ei gammal tru på at grashopper (lokalt kjende som enzige) omkom i sjøen når dei prøvde å kryssa han. I 1864 kom dei europeiske oppdagarane Samuel Baker og Flóra von Sass til sjøen,[5] og dei gav kalla han opp etter den nyleg avdøde prins Albert, mannen til dronning Victoria. På 1900-talet kalla presidenten av Zaire (Kongo), Mobutu Sese Seko, sjøen opp etter seg sjølv for ei tid.

Galleri[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. https://www.ugandaletsgotravel.com/uganda-safaris/nature-and-conservation/lakes-rivers-waterfalls/lake-albert/[daud lenkje]
  2. 2,0 2,1 Green, J. (2009). «Nilotic Lakes of the Western Rift». I H.J. Dumont. The Nile. Monographiae Biologicae 89. Springer Science + Business Media B.V. s. 263–286. ISBN 978-1-4020-9725-6. 
  3. «Ramsar Sites». ugandawildlife.org. Arkivert frå originalen 31. juli 2019. Henta 21. september 2019. 
  4. Wandera, S.B.; J.S. Balirwa (2010). «Fish species diversity and relative abundance in Lake Albert—Uganda». Aquatic Ecosystem Health & Management 13 (3): 284–293. doi:10.1080/14634988.2010.507120. 
  5. Dorothy Middleton (2004). «Baker [née von Sass], Florence Barbara Maria, Lady Baker (1841–1916)». Oxford Dictionary of National Biography. Oxford University Press. Henta 11. september 2015.