Albis

Koordinatar: 47°17′N 8°30′E / 47.283°N 8.500°E / 47.283; 8.500
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

47°17′N 8°30′E / 47.283°N 8.500°E / 47.283; 8.500

Albisfjella sett frå Uetliberg, mot søraust. I bakgrunnen til venstre Glärnisch.
Sti frå Felsenegg til Uetliberg nær Balderen.
Den såkalla Fallätsche ved Zürich-Leimbach, Wollishofen-hytta i framgrunnen.
Leimbach i Zürich, nedre Sihltal og Albisåsane frå Käferberg

Albis er ei åsrekkje i kantonen Zürich i Sveits, som strekkjer seg 19 km frå Sihlbrugg i sør til Waldegg nær Zürich i nord. Rekkja dannar mellom anna grensa mellom distrikta Affoltern og Horgen. Dei mest kjende åsane er Uetliberg på 870 moh, oppfor byen Zürich. Andre stader er Albishorn (909 moh), Bürglen (òg kalla Bürglenstutz, det høgaste punktet på 914,6 moh), Schnabelburg, eit observasjonstårn, Albis-passet, den vesle byen Buechenegg, og den store skogen, Sihlwald, på begge sider av elva Sihl. Sihldalen grensar til Albisåsane langs heile austsida. På vestsida grensar Albis til forskjellige elvar, som Reppisch, og innsjøen Türlersee.

Åsane er stort sett skogkledde, men har òg nokre store sletter. Nokre av dei er oppdyrka og vert nytta som beitemarker for kyr og sau. Sidan området ligg nær Zürich er det mykje vitja, særleg i nord, der det ligg fleire restaurantar langs toppane (frå Uetliberg til Albishorn), mange stiar og skogsvegar, ein jernbane (Uetlibergbahn) frå Zürich, og ei kabelvogn (Felseneggbahn) frå Adliswil til Felsenegg.

Albis vart danna som den venstre morenen til breen som danna Zürichsjøen. Jordsmonnet er hovudsakleg konglomerat av grus og løss. Dei ofte bratte sidene i Albis vert ofte utsett for små steinras. Generelt er austsida (mot Zürichsjøen) brattare enn vestsida.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]