Alborz-provinsen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Alborz-provinsen
farsi استان البرز
Provins
Land  Iran
Region Region 1
Fylke 6
Hovudstad Karaj
Areal 5 833 km²
Folketal 2 712 400  (2016)[1]
Folketettleik 465 / km²
Tidssone IRST (UTC+03:30)
 - Sommartid IRDT (UTC+04:30)
Retningsnummer 026
Kart
Alborz-provinsen
36°00′40″N 50°48′34″E / 36.011111111111°N 50.809444444444°E / 36.011111111111; 50.809444444444
Wikimedia Commons: Alborz Province

Alborz-provinsen (farsi استان البرز, Ostan-e Alborz) er ein av 31 provinsar i Iran, kring byen Karaj.[2]

Alborz-provinsen vart skipa då Teheran-provinsen vart delt i to provinsar, etter ei godkjenning i det iranske parlamentet 23. juni 2010, og vart introdusert som den 31. provinsen i Iran.[2] I 2014 vart han plassert i Region 1.[3]

Provinsen ligg nordvest for Teheran og er delt inn i fire fylke, Karaj, Savojbolagh, Taleghan og Nazarabad.[4] Karaj er hovudstaden i provinsen. Alborz-provinsen [2] ligg 35 km vest for Teheran, ved foten av Alborzfjella, og ut frå flatevidd er dette den minste provinsen i Iran.

I følgje ei den nasjonale folketeljinga var det i 2011 2 412 513 innbyggjarar i provinsen, der 90,5 % bur i urbane strok.[5]

Kommunar[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «National census 2016». amar.org.ir. Henta 6. mars 2021. []
  2. 2,0 2,1 2,2 Majlis extends term of councils, votes for new province, Teheran Times, Henta 24. juni 2010.
  3. «همشهری آنلاین-استان‌های کشور به ۵ منطقه تقسیم شدند (Provinces were divided into 5 regions)». Hamshahri Online (på persisk). 22. juni 2014 (1 Tir 1393, Jalaali). Arkivert frå originalen den 23. juni 2014. 
  4. MPs vote for new province of Alborz, Khabaronline, Henta 24. juni 2010. (persisk)
  5. Selected Findings of National Population and Housing Census 2011 Arkivert 2013-05-31 ved Wayback Machine.