Albreda

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Albreda
by
Land  Gambia
Kart
Albreda
13°20′4″ N 16°23′12″ W
Wikimedia Commons: Albreda

Albreda eller Albadarr er ein by i Gambia som er samanvaksen med Juffure.[1] Han ligg i regionen North Bank, i den vestre delen av landet, 24 km søraust for hovudstaden Banjul. Albreda hadde 1 356 innbyggar ved folketeljinga 2013.[2] Fleire stader i Albreda og Juffure er del av verdsarvstaden Kunta Kinteh Island and related sites, som vitnar om den transatlantiske slavehandelen og annan internasjonal handel.[3] Albreda var ein fransk koloni mellom 1681 og 1857, då staden var blitt heilt omgjeven av brittiskkontrollerte område og blei overlaten til Storbritannia.[4]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Briggs, Philip. «Kunta Kinteh Island and Albreda». The Gambia (på engelsk). Bradt Guides. Henta 2 september 2022. 
  2. Sanyang, Nyakassi M.B.: Directory of Settlements, Gambia Bureau of Statistics (PDF), 2013 Population and Housing Census (engelsk), s. 58. Henta 1. september 2022. 
  3. «Kunta Kinteh Island and Related Sites» (på engelsk). Henta 2. september 2022. 
  4. Gambia: Report for the years 1958–1959, Her Majesty's Stationery Office, London 1961, s. 79, 82.