Albumet A Hard Day’s Night

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
A Hard Day's Night
Studioalbum av The Beatles
Utgjeve 10. juli 1964
Innspelt 29. januar – 2. juni 1964[1], EMI Studios i London og Pathé Marconi Studios i Paris
Sjanger
Lengd 30:13
Selskap Parlophone
Produsent George Martin
The Beatles-kronologi
With the Beatles
(1963)
A Hard Day's Night Beatles for Sale
(1964)
Singlar frå A Hard Day's Night
  1. «Can't Buy Me Love»
    Utgjeve: 26. mars 1964
  2. «A Hard Day's Night»
    Utgjeve: 10. juli 1964
Meldingar
Karakter
KjeldeKarakter
AllMusic5/5 starsStar full.svgStar full.svgStar full.svgStar full.svg[4]
The A.V. ClubA[5]
Blender4/5 starsStar full.svgStar full.svgStar full.svgStar empty.svg[6]
Consequence of SoundA–[7]
The Daily Telegraph5/5 starsStar full.svgStar full.svgStar full.svgStar full.svg[8]
Encyclopedia of Popular Music5/5 starsStar full.svgStar full.svgStar full.svgStar full.svg[9]
Paste100/100[10]
Pitchfork9.7/10[11]
The Rolling Stone Album Guide5/5 starsStar full.svgStar full.svgStar full.svgStar full.svg[12]
Sputnikmusic4.5/5[13]

A Hard Day’s Night er det tredje albumet til The Beatles, gjeve ut 10. juli 1964 som filmmusikken til den første filmen deira med same namn. Albumet kom ut 26. juni 1964 i USA med litt anna innhald.

Albumet er det første til The Beatles der alle songane er originale, og det einaste albumet der alle songane er skrivne av Lennon/McCartney. Albumet inneheld nokre av dei mest kjende songane deira, som tittelsongen (med den særeigne opningsakkorden ein umiddelbart kjenner att) og «Can’t Buy Me Love» som begge vart store hittar på begge sider av Atlanteren. Albumet og filmen viser det klassiske bilete av The Beatles sidan det vart gjeve ut på høgda av Beatlemania.

Side ein av LPen inneheld songar som vart nytta i filmen, medan side to inneheld songar som vart skrive for, men som ikkje var med, i filmen. Dette er òg det første Beatles-albumet som vart spelt inn med firesporsopptakar, som gav gode stereomiksar.

I 2000 plasserte musikkmagasinet Q albumet på femteplass over dei 100 største britiske albuma gjennom tidene.[14] Musikkmagasinet Rolling Stone plasserte albumet på 308. plass over dei 500 største albuma gjennom tidene.[15]

26. februar 1987 vart A Hard Day's Night offisielt gjeve ut på CD i mono. Albumet er enno ikkje gjeve ut i stereo på CD, men fleire av songane finst i stereo på samleplater.

Innhald[endre | endre wikiteksten]

Alle songar er skrivne av Lennon/McCartney

Side ein
# Tittel Lengd
1. «A Hard Day’s Night»   2:34
2. «I Should Have Known Better»   2:46
3. «If I Fell»   2:24
4. «I'm Happy Just to Dance with You»   2:33
5. «And I Love Her»   2:33
6. «Tell Me Why»   2:12
7. «Can’t Buy Me Love»   2:14
Side to
# Tittel Lengd
8. «Any Time at All»   2:13
9. «I'll Cry Instead»   1:49
10. «Things We Said Today»   2:40
11. «When I Get Home»   2:20
12. «You Can't Do That»   2:39
13. «I'll Be Back»   2:20

Amerikansk utgåve[endre | endre wikiteksten]

Den amerikanske utgåva av albumet vart gjeve ut 26. juni 194 av United Artists Records og inneheld sju songar frå filmen, «A Hard Day’s Night», «Tell Me Why», «I’m Happy Just to Dance With You», «I Should Have Known Better», «If I Fell», «And I Love Her» og «Can’t Buy Me Love». Her finst òg «I’ll Cry Instead», som vart skrive for filmen, men i siste liten ikkje nytta likevel. Den amerikanske utgåva inneheld òg fire easy listening-aktige instrumentale versjonar av Lennon/McCartney-songar av George Martin: «I Should Have Known Better», «And I Love Her», «Ringo’s Theme (This Boy)» og «A Hard Day’s Night». Albumet gjekk til topps på Billboard si albumliste, der han låg i heile 14 veker, det lengste dette året.[16]

Den amerikanske utgåva er enno ikkje gjeve ut på CD offisielt.

Medverkande[endre | endre wikiteksten]

Salslister og salstrofé[endre | endre wikiteksten]

Salslister[endre | endre wikiteksten]

Liste (1964–65) Plassering
Australia (Kent Music Report)[17] 1
Tyske album (Offizielle Top 100)[18] 1
Britiske album (OCC)[19] 1
US Billboard 200[20] 1
Liste (1987) Plassering
Nederlandske album (MegaCharts)[21] 20
Liste (2009) Plassering
Austerrikske album (Ö3 Austria)[22] 66
Belgiske album (Ultratop Flandern)[23] 68
Belgiske album (Ultratop Vallonia)[24] 80
Nederlandske album (MegaCharts)[21] 86
Finske album (Suomen virallinen lista)[25] 27
Italienske album (FIMI)[26] 73
Newzealandske album (Recorded Music NZ)[27] 28
Portugisiske album (AFP)[28] 28
Spanske album (PROMUSICAE)[29] 61
Svenske album (Sverigetopplistan)[30] 29
Sveitsiske album (Schweizer Hitparade)[31] 60

Salstrofé[endre | endre wikiteksten]

Region Salstrofé Salstal
Australia (ARIA)[32] Gull 35 000^
Storbritannia (BPI)[33] Gull 100 000^
Canada (Music Canada)[34] Platina 100 000^
USA (RIAA)[35] 4× Platina 4 000 000^

^salstala er basert på sertifiseringa aleine

BPI-sertifiseringa gjeld berre for sal etter 1994.[36]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. A Hard Day's Night. beatlesbible.com Retrieved 22. januar 2015.
  2. World – Volume 2 – Page 61, 1973. «[on Help! and A Hard Day's Night], the soundtrack – gone – rock album is a marketing ideal that is passed off on the buying public with objectionable regularity and has already begun to backfire.»
  3. Spignesi & Lewis 2004, s. 140.
  4. Albumet A Hard Day’s NightAllmusic
  5. Klosterman, Chuck (8. september 2009). «Chuck Klosterman Repeats The Beatles». The A.V. Club (Chicago). Arkivert frå originalen den 10. mars 2018. Henta 10. mars 2018. 
  6. «Maxim». blender.com. Arkivert frå originalen 9. september 2009. 
  7. Consequence of Sound review Mal:Webarchive
  8. McCormick, Neil (4. september 2009). «The Beatles – A Hard Day's Night, review». The Daily Telegraph (London). Arkivert frå originalen 6. oktober 2012. 
  9. Larkin, Colin (2006). Encyclopedia of Popular Music 1. Muze. s. 487–489. ISBN 978-0-19-531373-4. 
  10. «The Beatles: The Long and Winding Repertiore». Paste. Arkivert frå originalen 23. oktober 2013. Henta 10. mars 2018. 
  11. Pitchfork review Mal:Webarchive
  12. The Beatles | album Guide | Rolling Stone Music Mal:Webarchive
  13. Sputnik Music review Mal:Webarchive
  14. «The 100 Greatest British Albums Ever». Q. Henta 4. oktober 2008. 
  15. «The 500 Greatest Albums of All Time». Rolling Stone. Henta 4. oktober 2008. 
  16. Joel Whitburn, Top Pop Albums 1955-2001 (Menomonee Falls, WI: Record Research, 2001), 1178.
  17. Kent, David (2005). Australian Chart Book (1940–1969). Turramurra: Australian Chart Book. ISBN 0-646-44439-5. 
  18. "Offiziellecharts.de – Beatles – A Hard Day's Night" (På tysk). GfK Entertainment Charts. Henta 10. mars 2018.
  19. "Beatles | Artist | Official Charts". Den britiske albumlista. The Official Charts Company. Henta 10. mars 2018.
  20. "The Beatles Album & Song Chart History" Billboard 200 for The Beatles. Prometheus Global Media. Henta 10. mars 2018.
  21. 21,0 21,1 "The Beatles – A Hard Day's Night". Dutchcharts.nl. Hung Medien. Henta 10. mars 2018.
  22. "The Beatles - A Hard Day's Night" (På tysk). Austriancharts.at. Hung Medien. Henta 10. mars 2018.
  23. "The Beatles – A Hard Day's Night" (På nederlandsk). Ultratop.be. Hung Medien. Henta 10. mars 2018.
  24. "The Beatles – A Hard Day's Night" (På fransk). Ultratop.be. Hung Medien. Henta 10. mars 2018.
  25. "The Beatles: A Hard Day's Night" (På finsk). Musiikkituottajat – IFPI Finland. Henta 10. mars 2018.
  26. "The Beatles – A Hard Day's Night". Italiancharts.com. Hung Medien. Henta 10. mars 2018.
  27. "The Beatles – A Hard Day's Night". Charts.org.nz. Hung Medien. Henta 10. mars 2018.
  28. "The Beatles – A Hard Day's Night". Portuguesecharts.com. Hung Medien. Henta 10. mars 2018.
  29. "The Beatles – A Hard Day's Night". Spanishcharts.com. Hung Medien. Henta 10. mars 2018.
  30. "The Beatles – A Hard Day's Night". Swedishcharts.com. Hung Medien. Henta 10. mars 2018.
  31. "The Beatles – A Hard Day's Night". Swisscharts.com. Hung Medien. Henta 10. mars 2018.
  32. «ARIA Charts – Accreditations – 2009 Albums». Australian Recording Industry Association. Henta 10. mars 2018. 
  33. «British album salstrofé – The Beatles – A Hard Day's Night». British Phonographic Industry. Henta 10. mars 2018.  Enter A Hard Day's Night in the field Search. Select Title in the field Search by. Select album in the field By Format. Click Go
  34. «Canadian album salstrofé – The Beatles – A Hard Day's Night». Music Canada. Henta 10. mars 2018. 
  35. «American album salstrofé – The Beatles – Hard Day_s Night». Recording Industry Association of America. Henta 10. mars 2018.  If necessary, click Advanced, then click Format, then select Album, then click SEARCH
  36. «Beatles albums finally go platinum». British Phonographic Industry (BBC News). 2. september 2013. Arkivert frå originalen den 12. februar 2014. Henta 10. mars 2018.