Albumet My Generation

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Albumet My Generation
Studioalbum av The Who
Utgjeve 3. desember 1965 (Storbritannia)
25. april 1966 (USA)
Innspelt April til oktober 1965
Studio IBC Studios, Central London
Sjanger
Lengd 36:13 (Storbritannia)
33:35 (USA)
Selskap Brunswick (Storbritannia)
Decca (USA)
Produsent Shel Talmy
The Who-kronologi
Albumet My Generation Ready Steady Who
(1966)
Amerikansk singel-kronologi
Albumet My Generation Happy Jack
(1967)
Singlar frå My Generation
  1. «My Generation»
    Utgjeve: 5. november 1965
  2. «A Legal Matter»
    Utgjeve: 7. mars 1966
  3. «The Kids Are Alright»
    Utgjeve: Juli 1966
  4. «La-La-La-Lies»
    Utgjeve: 11. november 1966

My Generation er debutalbumet til den engelske rockegruppa The Who, utgjeve 3. desember 1965 på Brunswick Records i Storbritannia. I USA kom albumet ut 25. april 1966 på Decca Records som The Who Sings My Generation, med eit anna plateomslag og eit litt anna innhald.[1] I tillegg medlemmane i The Who, som var Roger Daltrey (vokal), Pete Townshend (gitar), John Entwistle (bass) og Keith Moon (trommer), hadde albumet bidrag frå studiomusikarane Nicky Hopkins (piano) og Jimmy Page (gitar) og vokalgruppa The Ivy League.

Albumet vart spelt inn like etter dei første singlane til The Who gjekk inn på listene og i heftet som kom med luksusutgåva av albumet vart det av bandet avvist fordi det var eit hastverksarbeid og dei følte at det ikkje representerte det dei gjorde på konsertane sine på den tida. Sjølv om det ikkje selde så godt som seinare album, nådde det femteplassen på den britiske albumlista, medan det ikkje gjekk inn på den amerikanske lista i det heile. Likevel har kritikarar ofte rangert albumet som eit av dei beste rockealbuma gjennom tidene, særleg på grunn av den uvanleg harde stilen for den tida, som varsla om forskjellige hardrockstilar som punk og heavy metal.

Innspeling og songar[endre | endre wikiteksten]

I 1965 var The Who heilt klar etter å ha henta inn trommeslagaren Keith Moon og dei endra namn frå The Detours til The Who, etter å ha hatt namnet The High Numbers ei kort stund.[2] Våren 1965 vart innspelinga av albumet påbyrja under den tidlege «Maximum R&B»-perioden deira og inneheld coverversjonar av populære R&B-songar som «I Don't Mind» og «Please, Please, Please»,[2] begge opphavleg av James Brown, i tillegg til eigne R&B-songar skrivne av gitaristen Pete Townshend. Det vart spelte inn ni spor, men fleire vart erstatta av Townshend-originalar skrive til ei ny innspeling i oktober.

I følgje heftet til luksusutgåva, vart «I'm a Man» fjerna frå den amerikanske utgåva på grunn av det seksuelle innhaldet. Den amerikanske utgåva brukte òg den britiske singelutgåva av «The Kids Are Alright», utan den korte instrumentale delen med maniske trommer og gitarfeedback før det siste verset.

Mange av songane på albumet vart gjevne ut på singlar. Utanom «My Generation», som kom ut før albumet kom ut og nådde andreplassen på UK Singles Chart, vart «A Legal Matter», «La-La-La Lies» og «The Kids Are Alright» òg gjevne ut på singlar av Brunswick etter at bandet hadde byrja å gje ut nytt materiale på etiketten Reaction i 1966. Sidan dei ikkje vart marknadsførte av bandet, selde dei ikkje like godt som «My Generation» eller Reaction-singlane. «The Kids Are Alright» nådde likevel åttandeplassen i Sverige.

«My Generation» og «The Kids Are Alright» er to av dei songane til bandet som har vorte mest spelt av andre artistar. Medan «My Generation» er ein rå, aggressiv song som var ein føregangar for heavymetal og punkrock, var «The Kids Are Alright» ein meir sofistikert song med klimprande gitarar, tredelte harmoniar og ein melodiøs vokal, men framleis med den drivande rytmen som The Who sine songar hadde på denne tida. I lag med andre tidlege Who-songar som «I Can’t Explain» og «So Sad About Us», vert han rekna som ein viktig føregjengar for powerpop-rørsla.[3] «Circles» var ein song som vart spelt inn av det britiske freakbeat-bandet Les Fleur de Lys rundt same tida som albumet kom ut.

Utgjeving[endre | endre wikiteksten]

Den britiske utgåva av albumet synte bandet stå ved sidan av nokre oljetønner og sjå oppver mot kamera. John Entwistle hadde ein jakke med mønster etter det britiske flagget over skuldrene.[4] For den amerikanske utgåva vart dette erstatta av bandet som står under Big Ben.

Den britiske monoutgåva kom ut i Storbritannia på ny i 1979 på Virgin Records under Mod revival-bølgja. Denne gjekk ut av trykk i 1980, og sidan då var det ikkje offisielle britiske utgåver av albumet før albumet kom ut i ei luksusutgåve i 2002.

I 2002 vart albumet miksa til stereo og ommastra for luksusutgåva av Shel Talmy. Dette var første gongen desse songane kom ut i stereo.[5] Sjølv om stereomiksen har klårare lyd, harhan ikkje med mange overdubbar som er markante i originalmiksane i mono, som ein sologitar på «A Legal Matter» og «My Generation», og dobbelspora vokal på «The Good's Gone», «Much Too Much», «La-La-La Lies» og «The Kids Are Alright».

I 2008 vart dei originale britiske monomiksane gjevne ut i Japan som ein avgrensa dobbel-CD eller ein vanleg enkel CD. Begge variantane kom med bonusspor frå 1965.

I 2012 vart ei flat overføring frå dei originale masterlydbanda (for monopolata) overført til plate og gjeven ut i Japan. Same året kom ei monoutgåve ut i Storbritannia utan bonusspor med nyare generasjonar lydband som var fleire gonger unna det originale lydbandet.[6]

I 2014 kom My Generation ut på iTunes og HDtracks i mono- og stereoversjonar med bonusspor. Monoutåva var mastra frå same kjelda som den japanske utgjevinga frå 2012. Stereoutgåva er miksa annleis enn 2002-utgåva.

18. november 2016 gav Brunswick/Polydor Europe ut ei luksusutgåve på fem CD-ar med dei fleste av dei tidlegare versjonane i ei samling. Samlinga består av dei originale monomiksane, stereomiksane og bonusspor på dei fire første platene og den femte, Primal Scoop - The 1964-1965 Demo Mixes.

Mottaking og ettermæle[endre | endre wikiteksten]

Meldingar
Karakter
KjeldeKarakter
AllMusic5/5 starsStar full.svgStar full.svgStar full.svgStar full.svg[7]
MusicHound Rock3/5[8]
PopMatters9/10[9]
The Rolling Stone Album Guide5/5 starsStar full.svgStar full.svgStar full.svgStar full.svg[10]
BBC(særs positiv)[11]

I artikkelen sin i 1967 for Esquire skreiv skribenten Robert Christgau at My Generation «var den hardaste rocken i historia».[12] I 1981 inkluderte han den amerikanske versjonen i sitt «elementære platebibliotek».[13] Richie Unterberger hylla albumet som «den hardaste mod-poppen» som nokon er spelt inn i ei seinare melding for AllMusic: «Då albumet om ut hadde det dei villaste og mektigaste gitarane og trommene som var fanga på ei plate til då.»[7] Mark Kemp skreiv om plata i The Rolling Stone Album Guide (2004):

« Med si ville blanding av grunge-aktig forvrenging, rumlande bass og perkusjon, og dyrisk vokal, vart The Who Sings My Generation malen for det meste av følgjande garasjerock, heavy metal og punk. I motsetnad til debutalbuma til The Rolling Stones (som hadde eit ærleg forsøk på sørstats-rock and roll) og The Beatles (som spreidde ordet om rock & roll gjennom søte harmoniar og lyttbare melodiar), pressa My Generation grensene for popmusikken. Den ville gitaren til Townshend forutdaterer nyskapingane til den seinare amerikanske rivalen Jimi Hendrix.[14] »

Den amerikanske utgåva av albumet vart inkludert i «A Basic Record Library» av innspelinga frå 1950-åra og 1960-åra, publisert i Christgau's Record Guide: Rock Albums of the Seventies (1981).[15] I 2003 vart det rangert på 236. plass av musikkmagasinet Rolling Stone på lista deira over dei 500 beste songane gjennom tidene,[16] og kåra til det nest beste gitaralbumet gjennom tidene av Mojo.[17] I 2004 vart det rangert på 18. plassen på magasinet Q si liste over dei over dei 50 beste britiske albuma gjennom tidene.[18] I 2006 rangerte NME albumet på 49. plass på si liste over dei 100 største britiske albuma.[19] I 2004 vart tittelsporet rangert på 11. plassen på lista til Rolling Stone over dei 500 beste songane gjennom tidene. I 2006 vart «The Kids Are Alright» rangert på 34. plassen på Pitchfork si liste over dei 200 beste songane frå 1960-åra.[20] I juni 2009 vart den redigerte, amerikanske utgåva frå 1966 av «The Who Sings My Generation» valt ut for National Recording Registry av amerikanske Library of Congress. Albumet vart rekna som «kulturelt viktig», og vil bli bevart og arkivert.[21] Chris Jones skildra albumet for BBC som «eit av dei mest vitale og viktige årsakene til å elske rock 'n' roll».[11]

Innhald[endre | endre wikiteksten]

Alle songar er skrivne av Pete Townshend, utanom der andre er nemnde

Side ein
# TittelLåtskrivar(ar) Lengd
1. «Out in the Street»    2:31
2. «I Don't Mind»  James Brown 2:36
3. «The Good's Gone»    4:02
4. «La-La-La-Lies»    2:17
5. «Much Too Much»    2:47
6. «My Generation»    3:18
17:31
Side to
# TittelLåtskrivar(ar) Lengd
1. «The Kids Are Alright»    3:04
2. «Please, Please, Please»  James Brown, Johnny Terry 2:45
3. «It's Not True»    2:31
4. «I'm a Man»  Bo Diddley 3:21
5. «A Legal Matter»    2:48
6. «The Ox»  Townshend, John Entwistle, Keith Moon, Nicky Hopkins 3:50
18:19

The Who Sings My Generation

Side ein
# TittelLåtskrivar(ar) Lengd
1. «Out in the Street»    2:31
2. «I Don't Mind»  Brown 2:36
3. «The Good's Gone»    4:02
4. «La-La-La-Lies»    2:17
5. «Much Too Much»    2:46
6. «My Generation»    3:18
17:31
Side to
# TittelLåtskrivar(ar) Lengd
1. «The Kids Are Alright»    2:46
2. «Please, Please, Please»  Brown, Terry 2:45
3. «It's Not True»    2:31
4. «The Ox»  Townshend, Entwistle, Moon, Hopkins 3:50
5. «A Legal Matter»    2:48
6. «Instant Party (Circles)»    3:12
17:52

Luksusutgåvaa (2002)

Plate ein
# TittelLåtskrivar(ar) Lengd
1. «Out in the Street»    2:32
2. «I Don't Mind»  Brown 2:33
3. «The Good's Gone» (manglar dobbeltspora vokal)  4:00
4. «La-La-La Lies» (manglar dobbeltspora vokal)  2:18
5. «Much Too Much» (manglar dobbeltspora vokal)  2:45
6. «My Generation» (manglar sologitar, men finst på plate to i originalversjon)  3:21
7. «The Kids Are Alright» (manglar dobbeltspora vokal)  3:10
8. «Please, Please, Please»  Brown, Terry 2:46
9. «It's Not True»    2:34
10. «I'm a Man» (komplett med avslutning)Diddley 3:23
11. «A Legal Matter» (manglar sologitar, men finst på plate to i originalversjon)  2:54
12. «The Ox» (komplett med avslutning)Townshend, Moon, Entwistle, Hopkins 3:58
13. «Circles (Instant Party)» (manglar valthornet til Entwistle og dobbelspora vokal)  3:13
14. «I Can't Explain» (manglar tamburin)  2:04
15. «Bald Headed Woman»  Shel Talmy 2:32
16. «Daddy Rolling Stone» (alternativ versjon til den som finst på Thirty Years of Maximum R&B)Otis Blackwell 2:55
46:58
Plate to
# TittelLåtskrivar(ar) Lengd
1. «Leaving Here» (alternativ versjon til den som finst på Thirty Years of Maximum R&B)Holland-Dozier-Holland 2:50
2. «Lubie (Come Back Home)»  Paul Revere, Mark Lindsay 3:40
3. «Shout and Shimmy»  Brown 3:20
4. «(Love Is Like A) Heat Wave»  Holland-Dozier-Holland 2:41
5. «Motoring»  Ivy Jo Hunter, Phil Jones, William «Mickey» Stevenson 2:52
6. «Anytime You Want Me»  Garnet Mimms 2:38
7. «Anyway, Anyhow, Anywhere» (alternativt opptak)Townshend, Roger Daltrey 2:43
8. «Instant Party Mixture»    3:24
9. «I Don't Mind» (fullengdversjon)Brown 3:44
10. «The Good's Gone» (fullengdversjon)  4:29
11. «My Generation» (instrumental versjon)  3:27
12. «Anytime You Want Me» (acappella-versjon)Mimms 2:29
13. «A Legal Matter» (monoversjon med gitaroverdub)  2:49
14. «My Generation» (monoversjon med gitaroverdub)  3:18
44:24
Mono digital utgåve (2014)
# TittelLåtskrivar(ar) Lengd
1. «Out in the Street»    2:31
2. «I Don't Mind»  Brown 2:36
3. «The Good's Gone»    4:04
4. «La-La-La Lies»    2:16
5. «Much Too Much»    2:44
6. «My Generation»    3:20
7. «The Kids Are Alright»    3:07
8. «Please, Please, Please»  Brown, Terry 2:46
9. «It's Not True»    2:32
10. «I'm a Man»  Diddley 3:21
11. «A Legal Matter»    2:50
12. «The Ox»  Townshend, Moon, Entwistle, Hopkins 3:53
13. «I Can't Explain»    2:05
14. «Bald Headed Woman»  Talmy 2:10
15. «Anyway, Anyhow, Anywhere»  Townshend, Daltrey 2:41
16. «Daddy Rolling Stone»  Otis Blackwell 2:48
17. «Anytime You Want Me»  Mimms 2:36
18. «Shout and Shimmy»  Brown 3:18
19. «Circles (Revised)»    3:13
20. «Leaving Here» (feilaktig oppført som The High Numbers)Holland, Dozier, Holland 2:49
21. «Lubie (Come Back Home)»  Revere, Lindsay 3:37
22. «(Love Is Like A) Heat Wave»  Holland, Dozier, Holland 2:41
23. «Motoring»  Hunter, Jones, Stevenson 2:49
24. «Anyway, Anyhow, Anywhere» (Monoversjon frå fransk EP)Townshend, Daltrey 2:44
25. «Instant Party Mixture»    3:26
72:57
Stereo digitalutgåve (2014)
# TittelLåtskrivar(ar) Lengd
1. «Out in the Street»    2:30
2. «I Don't Mind»  Brown 2:36
3. «The Good's Gone»    4:05
4. «La-La-La Lies»    2:15
5. «Much Too Much»    2:43
6. «My Generation»    3:18
7. «The Kids Are Alright»    3:05
8. «Please, Please, Please»  Brown, Terry 2:43
9. «It's Not True»    2:30
10. «I'm a Man»  Diddley 3:20
11. «A Legal Matter»    2:49
12. «The Ox»  Townshend, Moon, Entwistle, Hopkins 3:56
13. «I Can't Explain»    2:05
14. «Bald Headed Woman»  Talmy 2:34
15. «Anyway, Anyhow, Anywhere»  Townshend, Daltrey 2:43
16. «Daddy Rolling Stone»  Otis Blackwell 2:59
17. «Anytime You Want Me»  Mimms 2:37
18. «Shout and Shimmy»  Brown 3:19
19. «Circles»    3:13
20. «Instant Party Mixture»    3:29
21. «Leaving Here»  Holland, Dozier, Holland 2:49
22. «Lubie (Come Back Home)»  Revere, Lindsay 3:42
23. «(Love Is Like A) Heat Wave»  Holland, Dozier, Holland 2:41
24. «Motoring»  Hunter, Jones, Stevenson 2:47
25. «Daddy Rolling Stone» (alternativ stereoversjon)Otis Blackwell 3:06
26. «The Kids Are Alright» (alternativ stereoversjon)  3:07
27. «My Generation» (instrumental stereoversjon)  3:38
28. «Out in the Street» (alternativ stereoversjon)  2:33
29. «I Don't Mind» (fullengds stereoversjon)Brown 3:45
30. «The Good's Gone» (fullengds stereoversjon)  4:27
91:24

Medverkande[endre | endre wikiteksten]

The Who

Andre medverkande

  • Nicky Hopkins - piano
  • The Ivy League - korvokal på «I Can't Explain» og «Bald Headed Woman»
  • Perry Ford - piano på «I Can't Explain»
  • Jimmy Page - sologitar på «Bald Headed Woman»

Salslister[endre | endre wikiteksten]

Album

År Liste Plassering
1965 UK NME Chart Albums 5[22]

Singlar

År Singel Liste Plassering
1965 «My Generation» Billboard Pop Singles 74Mal:Citation needed
UK Record Retailer Singles Charts 2[22]
1966 «A Legal Matter» UK Record Retailer Singles Charts 32[22]
«The Kids Are Alright» UK Record Retailer Singles Charts 41[22]

Salstrofé[endre | endre wikiteksten]

Region Salstrofé Salstal
Storbritannia (BPI)[23] Gull 100 000^

*salstala er basert på sertifiseringa aleine
^salstala er basert på sertifiseringa aleine
xuspesifserte tal er baserte på sertifiseringa aleine


Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «The Who Official Band Website – Roger Daltrey, Pete Townshend, John Entwistle, and Keith Moon, My Generation». Thewho.com. 1. desember 1965. Henta 12. september 2019. 
  2. 2,0 2,1 «The Who - My Generation (album review 4)». Sputnikmusic.com. 29. april 2006. Henta 13. september 2019. 
  3. All-Music Guide "Power Pop" Entry
  4. https://www.rollingstone.com/music/music-features/the-whos-pete-townshend-on-raiding-vaults-for-my-generation-box-set-124688/
  5. Andy Neill Deluxe Edition liner notes, p.23
  6. «The Who My Generation». Steve Hoffman Music Forums. Henta 30. november 2014. 
  7. 7,0 7,1 Unterberger, Richie. «Allmusic review». AllMusic. All Media Guide. Henta 30. november 2011. 
  8. Graff, Gary; Durchholz, Daniel (eds) (1999). MusicHound Rock: The Essential Album Guide. Farmington Hills, MI: Visible Ink Press. s. 1227. ISBN 1-57859-061-2. 
  9. Wisnicki, Nathan (8. januar 2013). «The Who: My Generation (mono remaster)». PopMatters. Henta 13. september 2019. 
  10. Kemp 2004, s. 871.
  11. 11,0 11,1 Jones, Chris. «BBC - Music - Review of The Who - My Generation». Bbc.co.uk. Henta 13. september 2019. 
  12. Christgau, Robert (1967). «Secular Music (2)». Esquire (October). Henta 13. september 2019. 
  13. Christgau, Robert (1981). «The Fifties and Sixties». Rock Albums of the '70s: A Critical Guide. Da Capo Press. s. 453, 456. ISBN 0306804093. 
  14. Kemp 2004, s. 871–2.
  15. Christgau, Robert (1981). «A Basic Record Library: The Fifties and Sixties». Christgau's Record Guide: Rock Albums of the Seventies. Ticknor & Fields. ISBN 0899190251. Henta 16. mars 2019 – via robertchristgau.com. 
  16. «Rolling Stone». Rolling Stone. 16. oktober 2015. Henta 13. september 2019. 
  17. Barnes, Anthony (21. juli 2003). «Hendrix heads list of 100 guitar greats with 'Are You Experienced'». The Independent. Henta 20. februar 2010. 
  18. «Q Magazine». Rocklistmusic.co.uk. Henta 12. september 2019. 
  19. «NME». Rocklistmusic.co.uk. Henta 12. september 2019. 
  20. «The 200 Greatest Songs of the 1960-åra - Page 3». Pitchfork.com. Henta 13. september 2019. 
  21. Metzler, Natasha (9. juni 2009). «New National Recording Registry entries announced». Associated Press , San Fransciso Chronicle. 
  22. 22,0 22,1 22,2 22,3 «The Who at». Chartstats.com. Henta 12. september 2019. 
  23. «British album salstrofé – Who – My Generation». British Phonographic Industry.  Enter My Generation in the field Search. Select Title in the field Search by. Select album in the field By Format. Click Go