Albumet School's Out

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
School's Out
Studioalbum av Alice Cooper
Språk engelsk
Utgjeve juni 1972
Innspelt 1972 i The Record Plant i New York
Sjanger Hardrock, heavy metal
Lengd 37:13
Selskap Warner Bros.
Produsent Bob Ezrin
Kritikk
Alice Cooper-kronologi 
Killer
(1971)
School's Out Billion Dollar Babies
(1973)


School's Out er det femte studioalbumet til Alice Cooper, gjeven ut i 1972. Tittelsporet på albumet vart ein stor hit og vart spelt fast på konsertane til Alice Cooper. Mange «Classic Rock»-stasjonar speler framleis songen på radio.

Det opphavlege plateomslaget (designa av Craig Braun[4]) var slik at det kunne opnast som ein gammal skulepult. Vinylplata var pakka inn i eit par jentetruser. Denne originale utgåva vart kalla attende fordi trusene ikkje var flammesikre. Albumet remastra i 2009 for Audio Fidelity av Steve «Daddy Tonemeister» Hoffman i HDCD.

Albumet nådde andreplassen på den amerikanske albumlista og gjekk heilt til topps i Canada, der det låg i fire veker.[5] Singelen «School's Out» nådde 7. plass på singellista i USA og 3. plass i Canada.[6] I Storbritannia gjekk singelen heilt til topps.

Innhald[endre | endre wikiteksten]

Side ein
Nr.TittelLåtskrivar(ar)Lengd
1.«School's Out»Alice Cooper, Glen Buxton, Michael Bruce, Dennis Dunaway, Neal Smith3:34
2.«Luney Tune»Cooper, Dunaway3:36
3.«Gutter Cat Vs. the Jets»Buxton, Dunaway, Leonard Bernstein, Stephen Sondheim4:39
4.«Street Fight»Cooper, Buxton, Bruce, Dunaway, Smith0:55
5.«Blue Turk»Cooper, Bruce5:29
Side to
Nr.TittelLåtskrivar(ar)Lengd
6.«My Stars»Cooper, Bob Ezrin5:46
7.«Public Animal 9»Cooper, Bruce3:53
8.«Alma Mater»Smith3:39
9.«Grande Finale» (inneheld den gøymde songen «Grande Finale (Part 2)»)Cooper, Buxton, Bruce, Dunaway, Bob Ezrin, Smith, Mack David, Leonard Bernstein4:36/13:14

Medverkande[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]